Pensjonisten er no dømt til to og eit halvt år i fengsel for seksualovergepa. Barna får 100.000 kroner kvar i erstatning.

Medan dei to systrene, som i dag er 17 og 19 år gamle, har fått store psykiske problem som følgje av overgrepa, stod den 71 år gamle bestefaren fram i Sunnhordland tingrett som heller urørt av dei alvorlege skuldingane.

Mannen har nekta for utukt heilt sidan skuldingane blei sette fram for fire år sidan. Han tilbakeviser saka som ei hemnakt frå svigerdottera si side, noko tingretten er totalt usamd i. Dommarane festar lit til det som dei to systrene har forklart om hendingar som ligg opptil ti år tilbake i tid.

Dei seksuelle overgrepa handla om ei rekkje tilfelle av beføling. Retten finn det prova at det skjedde mot den yngste søstera alt før ho fylte ti år. Handlingane fann stad heime hos bestefaren, på ein feriestad og i eit telt ved huset hans der barnebarna leika.

Saka har naturleg nok sett djupe spor i familien. Sunnhordland tingrett er mest uroa for den framtidige utviklinga til dei to systrene, som lenge prøvde å dyssa ned saka. Retten fekk høyra om alvorlege etterverknader av overgrepa som skjedde mellom 1994 og 2000.

Aktor kravde tre års fengsel for bestefaren. Retten fann dette noko for strengt, men syntest ikkje at den tiltalte sin alder var eit formildande moment. Tingretten fann i det heile ingen ting formildande overfor bestefaren i den alvorlege utuktssaka.