For slik framferd har Voss tingrett avgjort at ho fortener eit fengselsopphald på 90 dagar. At sambuaren heller vil ha henne heime, og ber tynt om at ho må sleppa straff, blir av retten avvist som formildande omstende.

Ølkonsum og venebesøk er bakteppet for hendinga. Seint på kvelden fann kvinna sambuaren med armen rundt ei anna jente, sovande i senga, med kleda på, under dyna. Sjalu sprang ho inn på kjøkenet og ville skada seg sjølv med brødkniven, men fekk det ikkje skikkeleg til. Så tok ho med seg kniven til soverommet, og slo han mot sambuaren sitt hovud idet han vakna og reiste seg opp.

Kniven skar eit fem centimeter langt kutt på sida av hovudet. Det blødde kraftig.

Sidan kuttet ligg over hårfestet, vil arret ikkje visa så godt. Men retten er oppteken av det store farepotensialet eit slag med kniv mot hovudet har. Skaden kunne ha vorte langt meir alvorleg. Retten legg også vekt på at sterke allmennpreventive omsyn gjer seg gjeldande i familievaldsaker.

Saka vart fremja som tilståingssak med dommarfullmektig Olene Maiken Eide som einedommar.