Politiet meiner ein liga har svindla daglegvarebutikkar i Arna for mange tusen kroner ved hjelp av manipulerte panteflasker. Laurdag vart to kvinner og ein mann frå Moldova varetektsfengsla i Bergen, mistenkt for å ha vere ein del av flaskeligaen.

For mykje pant

Lerum-flaska på biletet vart funnen i ein panteautomat i Arna denne veka. Flaska skal i utgangspunktet gje 1 krone i pant. Men denne gav kr 2,50— i gevinst. Årsak: Nokon har limt ei ny strekkode over den originale.

— Dersom dette blir gjort mange nok gonger, blir det pengar av det, seier politiadvokat Liv Mette Karlsen, som bad dommaren fengsle dei tre austeuropearane i fire veker med brev- og besøksforbod. Det fekk ho han med på.

Tatt med laks, lim og sitron

Opprullinga begynte med at ein 45 år gammal mann frå Moldova vart tatt for nasking hos Rema 1000 på Øyrane Torg torsdag. I veska hans låg to pakker laks - og tre limstiftar og to sitronar.

Butikksjefen hadde dei siste vekene lagt merke til at mengda med pantegods som vart kjørt gjennom automaten utanfor butikken hadde auka kraftig. Han kjende att mannen som ein av storpantarane.

Politiet var tilkalla

Dei tilsette hadde også funne manipulerte småflasker blant returgodset, der strekkodar som gir kr 2,50,- i gevinst var klistra over den originale pantekoden.

Butikksjefen la to og to saman. Han fekk mistanke om at safta i sitronane var tenkt brukt til å vaske flaskene, før limstiften skulle klebe på nye strekkodar. Politiet vart tilkalla, og dei arresterte både mannen og to kvinner som kom til butikken for å spørje etter han.

Nektar for å ha juksa

Politiet har så langt vore i kontakt med fem ulike butikkar i Arna som kan vere ramma av svindelen, og meiner det kan vere juksa med mange tusen flasker.

— Etterforskinga er i ein tidleg fase, seier politiadvokat Karlsen.

Både mannen som vart tatt for nasking, kona hans og ei anna kvinne frå Moldova har erkjent at dei har panta. Men dei nektar for å ha juksa med etikettane. Dei seier at dei er her i landet for å gjere målingsarbeid og å vaske. Problem med å få oppgjer for arbeidet har gjort at dei har samla flasker.

Kritiske til ressursbruken

Tingretten bestemte i går at alle tre skal haldast bak lås og slå i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei får heller ikkje ha kontakt med kvarandre, av fare for at dei kan samordne forklaringane.

— Det finst ingen ting som knyter desse tre til dei manipulerte flaskene som er funne. Og det er ingenting ulovleg i å pante flasker i store mengder, seier advokat Jostein Alvheim, som forsvarer 45-åringen frå Moldova.

- Ikkje dokumentasjon

Advokat Steinar Berg Yndestad, som forsvarer ei av kvinnene, meiner politiet ikkje har nokon dokumentasjon på at det er juksa med store mengder flasker. Han meiner dei heller ikkje har prov som knyter dei tre sikta til dei få flaskene som er funne.

— Kor mange etterforskarar skal politiet bruke på å gå igjennom desse flaskene? Og kva slags ressursbruk er det? spør Yndestad.