«Jeg skulle aldri ha parkert den ute i veien. Jeg skulle ha satt opp et stålgjerde rundt og fått soldater til å passe på», uttalte den 43 år gamle bedriftskonsulenten til BA i april 2003.

Så var det heller ingen simpel bruktbil han sakna: Ein svart Ferrari 360 Modena, kjøpt ny i 1999 for 1,7 millionar kroner.

Djupt ulykkeleg fortalde 43-åringen om synet som hadde møtt han utanfor SAS-hotellet på Bryggen, der han hadde budd denne helga:

«— Bilen var borte. Jeg kunne ikke tro det. Dette er en trist, trist dag. Dette er noe av det verste jeg har vært med på», sa mannen til avisa.

11 millionar i formue

Truleg opplevde han det som kom etterpå som hakket verre: Den stolne Ferrarien dukka opp i ein garasje på Nesttun med mindre skadar. Teknisk gransking av bilen viste at det berre var brukt originalnøkkel, og politiet kom fram til at det heile var forsikringssvindel.

I går dømde Bergen tingrett 43-åringen, som i 2003 hadde 11 millionar kroner i formue, til ni månaders fengsel. Også fem andre menn er dømt for å ha vore med på opplegget.

Ein av dei prøvde etter tjuveriet å innkassere litt ekstra, ved å ringje anonymt til forsikringsselskapet og tilby dei bilen mot 80.000 kroner i betaling.

Kamerat tilsto

Ein kamerat av 43-åringen, som var med på turen til Bergen, tilsto i retten at planen var at bilen skulle forsvinne sporlaust, og at han fekk nøkkelen av mangemillionæren. Også ein av dei andre som var med på opplegget tilsto.

Sjølv har 43-åringen nekta for svindelen, og hevda i retten at kameraten må ha stole reservenøkkelen. Det vart han ikkje trudd på. Retten meiner økonomien til mannen svinga så kraftig på denne tida at han kan ha hatt motiv for svindelen, trass høge inntekter.