Nordfjordingen må sone 24 dagar bak murane samt tilbakebetale 92.458 kroner til Sparebank 1 Forsikring. På toppen må han legge ut 2.000 kroner i sakskostnader.

10.000 for å tenne på

Det var 5. april 2001 at mannen fekk motorhavari på sin Audi personbil, og verkstaden konkluderte med at all kompresjon var vekk. Reparasjonen ville bli både omfattande og kostbar, og bilen vart ståande utanfor bilverkstaden inntil den plutseleg vart totalskadd i brann natt til laurdag 14. april.

I Nordfjord tingrett kom det fram at 21-åringen ved fleire høve skal ha bede andre om å setje fyr på bilen sin, og blant anna tilbydd 10.000 kroner for tjenesten. I retten forklarte mannen — utan å bli trudd - at dette berre var sagt på spøk.

Kvelden før bilen gjekk opp i flammar var domfelte på fest saman med kameratar, og desse forklarte i retten at 21-åringen gjentok tilbodet om pengar for å setje bilen i brann.

Kameratane forklarte at dei seint på natta var bortom verkstaden for å sjå etter bilen, og at dei såg nokon komme ut av den. Retten finn både denne observasjonen og det at dei oppsøkte plassen midt på natta svært påfallande. Rundt ein time seinare stod bilen i full fyr.

Ville ha leigebil

Trass i at Tingretten ikkje seier noko om kven som faktisk utførte handlinga, meiner retten det er prova ut over kvar ein rimeleg tvil at bilbrannen vart påtent, og at 21-åringen medverka til brannstiftinga.

Motivet var, ifølgje dommen, at tiltalte ville betre sin økonomiske situasjon. Bilen var nemleg ikkje køyrbar i forkant av brannen, og ein reparasjon ville bli svært dyr. Retten meiner 21-åringen forsettleg fekk bilen påtent for å framkalle eit forsikringstilfelle. Like etter brannen vende han seg til selskapet for å få leigebil, trass i at hans eigen bil ikkje var køyrbar før brannen inntraff.

Ifølgje tiltalte hadde bilen ein verdi på minst 60.000 kroner før brannen. Hovuddelen av erstatninga på drygt 92.000 er skadar som oppstod på bilar som stod parkert rundt 21-åringens bil då den brann.

Bortsett frå at det har gått lang tid før saka kom opp til doms, fann retten ingen formildande omstende. Dermed vart 21-åringen dømt til 24 dagar utan vilkår, heilt i samsvar med påstanden frå aktor.