Tabbe på tabbe hos politiet, Kriminalomsorga og domstolane sende Bømlo-fiskaren Tony Jensen (22) feilaktig bak murane i Bjørgvin fengsel i 54 døger, ifølgje Jensen sin advokat Kjell Petter Neset. Jensen vil no reinvaska namnet sitt, søkjer erstatning og håpar å kunna gjera karriere i utanlandsteneste for Forsvaret etter å ha blitt avvist der på grunn av fengselstabben.

— At eg hamna i fengsel spreidde seg fort i nærmiljøet. Dette har vore veldig leit for meg og familien min, seier Tony Jensen.

Skandaløs behandling

Det var avisa Sunnhordland som i tirsdag omtalte det offentlege si skandaløse behandling av bømlingen som i går feira 22-årsdagen sin om bord i fiskebåten han har fått hyre på i Nord-Noreg. I dag seier advokat Kjell Petter Neset til Bergens Tidende at det som har skjedd med Jensen også set dommen mot den jamaldrande kameraten i eit nytt lys. Neset vil søkja gjenopptakingskommisjonen om ny rettsbehandling for kameraten, som blei dømt til 90 dagars fengsel for samme forhold som Jensen, og som gjennomførte heile soninga på grunnlag av ein rettskraftig dom.

Det var først under permisjon – innvilga på grunn av streik blant fengselstilsette – etter 54 døgn i fengsel i fjor at tabbane overfor Tony Jensen blei oppdaga. Jensen sin anke over ein valdsdom frå Sunnhordland tingrett på 90 dagars fengsel blei forlagt på Bømlo lensmannskontor i 19 dagar - fem dagar ut over ankrefristen. Dermed blei soningsdokumenta sendt til Kriminalomsorg Vest, og Jensen blei kalla inn til soning.

Møtte likevel

Trass i at Kriminalomsorga alt 29.februar i fjor fekk melding om at anken var funnen og at ordren om straffegjennomføring var trekt, og trass i at politiet 1.mars fekk alle dokument tilbake frå Kriminalomsorga, møtte Tony Jensen likevel til soning 16.april 2012.

— Eg trudde anken min var avvist og at innkallinga til soning var i orden. Og fengselet tok imot meg, seier Jensen.

Jensen sin advokat hadde inga aning om at klienten hans var i fengsel. Kjell Petter Neset fekk ikkje tak i Jensen på telefon før tilfeldigvis under permisjonen. Soninga hindra Tony Jensen blant anna i å følgja oldemora til grava, først tre dagar etter gravferda fekk han melding om at løyvet til å reisa var innvilga. Fengselet kalla han til og med inn att til soning etter permisjonen, sjølv om advokat Neset gav melding om tabbane.

Feil om naudrett

— Ein ting er at Jensen er sett i fengsel utan ein rettskraftig dom. Men når han i tillegg blir frikjend, så blir jo dette veldig feil, seier Neset.

For 22.januar i år blei Tony Jensen frikjend i Gulating lagmannsrett, med tilvising til at slaget som tingretten valdsdømte han for kom som følgje av naudrett etter alvorlege trugsmål. Med til historia høyrer det at Gulating først avviste anken, men behandla saka på ny etter at Høgsterett oppheva avvisinga. Advokat Neset hadde granska den første dommen frå tingretten og påpeikt feilvurderingar omkring naudretten, eit forhold Neset meiner også må koma Jensen sin kamerat til gode i forhold til ei gjenopptaking.

- Skal ikkje skje

— Her har det skjedd fleire svikt i rutinar, elektroniske rapporteringssystem og menneskelege feil, seier Leif Waage, assisterande regiondirektør i Kriminalomsorg Vest. Overfor avisa Sunnhordland har han inga god forklaring på kvifor eit halvt år har gått sidan feilen er oppdaga utan at det er teke kontakt direkte med den ramma 22-åringen frå Bømlo.

— Veldig uheldig og beklageleg. Eg har aldri vore borti noko slikt før, og håpar det aldri skjer igjen, er Bømlo-lensmann Roald Raunholm sin kommentar til tabbane overfor Sunnhordland.

— Dette er svært uheldig, og skal ikkje skje. Her er me nøydde til å gå over kva som har skjedd saman med Kriminalomsorga, seier påtaleleiar Trond Sekkingstad ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Berre ein sjanse

Advokat Kjell Petter Neset seier at han i dag ikkje veit kva nivå han skal leggja seg på når han førebur ei erstatningssak for Tony Jensen etter det han har vore gjennom.

— Han kan aldri få att dei dagane han har tapt i fengselet. Det einaste eg kan hjelpa med er å søkja om erstatning. Men det er vanskeleg å finna rette nivået, for eg har ikkje funne liknande eksempel – heldigvis, må eg seia. Feilaktige varetektsfengslingar har gjerne gitt erstatningssummar på 2500 kroner døgeret, men tilfellet til Tony Jensen er verre, seier Kjell Petter Neset.

Stord-advokaten er på bakgrunn av Tony Jensen-saka generelt kritisk til om rettstryggleiken i Noreg er god nok i forhold til sjansane for folk til å få prøvd sakene sine i meir enn ein rettsinstans.

— Det handlar om menneskerettar. Tusenvis av personar får berre sjansen i ein instans, det er sanneleg ikkje lett å få prøving i to rettsinstansar, seier advokat Neset.