ERLEND SPURKELAND

«Eit sorgslør seg sveiper kring fjorden i dag -

um øyar og dalar og strender.

Her råka vår heimbygd eit knusande slag

For tenk — det utrulege hender:

At «Masfjord» gjekk ned - og mange strauk med,

Dei gret kring i heimar og grender»

JOHS. M.L. RYDLAND

Det bles sterk kuling frå søraust. Natta er svart. I det svake lyset frå rutebåten ser dei reisande som skundar seg over landgangen på Sandnes at det driv kvite skumflak frå bølgjetoppane. Høyrer vinden kvin i mast og wirar. Kjenner korleis båten høgg mot kaien.

Klokka nærmar seg fem om natta. D/S «Masfjord» kastar loss og legg ut frå Sandnes. Er i rute frå Matre til Bergen. Neste stopp Hosteland. Har trafikkert farvatna her inne i 37 år.

Om bord er nærmare femti menneske. I tillegg til reisande har båten lasta om bord brødkassar, ved, mjølkespann og ein postsekk i nasjonale fargar. Uvêret gjer at båten er sein i ruta.

Ute av kurs

Eit stykke utpå Sandnesosen kjem ein tett snøkave som gjer det vanskeleg å sjå. Dette saman med sterk vind og straum gjer at båten kjem for langt inn. Andre meiner at allereie ut frå Sandnes var kursen feil denne natta. For sjølv om det erfarne mannskapet er lommekjent i farvatnet, går båten for langt styrbord.

Mannskapet oppdagar for seint berget framfor. Får akkurat slått «sakte» i maskina før båten smell opp på eit svaberg like ved Nesjane sør for Duesund.

«Masfjord» er bygt med isbrytarbaug og glir oppover berget eit stykke før den legg seg sterkt over mot høgre. Akterskipet vert pressa under og fyllest med vatn.

Vått og mørkt

Dei neste fem minuttane skjer det veldig mykje. Folk kliv fram på baugen og slepper seg ned på berget. Nokre held seg i ro på lugarane. Andre passasjerar hoppar på sjøen og prøver symja til lands. Som dei to veninnene som nett kom om bord på Sandnes.

Ellen Maria Sandnes (73) fortel: - Me hadde tatt av oss ytterkleda, Emmy og eg. Sat og spelte kort nede i salongen. Me merkar at båten sakkar, og så kjem det eit forferdeleg rabalder. Trudde me hadde gått på ei mine. Eg skundar meg ut i gangen. Båten ligg så skeivt at eg brukar lugardørene på høgre side som golv mens eg skundar meg framover mot utgangen. Med ein tanke i hovudet: Eg må ut!

Iskald sjø

Ellen Maria Sandnes hugsar glimt av ei kvinne med barnet i armane inne på ein lugar før ho endeleg er framme ved lasterommet.

— Då står eg i vatn til halsen. Der er skriking, varer og folk om einannan, men ingen panikk. Heile tida fløyter båten for å tilkalla hjelp. Det kjem ei byge med snø og hagl, fortel ho.

«No hoppar eg,» ropar Ellen Maria til Emmy. Midtvinters, med grove bølgjer og nedbør ligg ho i den kalde sjøen og kjenner dei tunge beksaumstøvlane trekkje ho ned.

Ho kjempar for å få pusta. Får fat i ein brødkasse og klamrar seg fast i den. Enno verkar lyskastaren på båten. Oppe på land dannar folk ei rekkje nedover berget. Det er for bratt og glatt til at ein kan koma opp ved eiga hjelp. - Ei bølgje slo meg oppover, og ei sterk hand heldt meg fast.

Glir ut

Så sloknar alt lys. Rutebåten gjer eit rykk og glir bakover, legg seg til ro igjen. Kanskje i to minutt, før den glir heilt utpå. Flyt ei kort stund. Det høyrest skrik og rop om hjelp frå båten. Så går akterenden under. D/D «Masfjord» løfter baugen.

— Eg ser det for meg enno, seier Ellen Maria. - Eldspruten stod opp av skorsteinen i det den gjekk ned.

Skipsuret viser 5.25. Det er over. Det er svart. Stilt. Ingen ropar lenger frå sjøen. - Emmy såg eg aldri igjen. Kanskje ho fekk nokre av dei mange vedbørene over seg og vart medvitslaus. Eller ho vart tatt av dragsuget, seier Ellen Maria stilt.

Dagen etter

Hittil har dei overlevande vore i ro på svaberget. Dei kryp forsiktig rundt på alle fire i stummande mørkre, redde for å falla på sjøen igjen. Gjennomvåte i kuling, vind, hagl og sludd.

Dei greier ta seg fram gjennom utmark og iskald natt opp til gardane i Duesund. Får mat og tørre kle. Frå Sandnes har det kome robåtar over. Den gryande grå morgonen viser fram ein halvdrukna livbåt, vrakrestar, brødkassar, ved, møblar og oljeflekkar kring ulukkesstaden. Kaptein og styrmann vert funne, omkomne. Ni passasjerar gjekk truleg ned saman med båten.

Forklaringar

«... ulykken må tilskrives den sterke vind i forbindelse med regntykke og en sterk innadgående strøm,» seier sjøforklaringa.

Lokalt verserer det ei anna forklaring: Denne natta var det lys tent på lemmen i huset i Nesjane i Duesund; ei mor var oppe og stelte det nyfødde barnet sitt. Gjennom uvêret har så mannskapet trudd at lyset dei såg var lykta ved inngangen til Skolmosen og tatt feil kurs.

D/S «Masfjord» ligg på ca. 90 meters djup. I dag er vraket ei sjøgrav. Det har vore filma, men filmen viser berre stålbjelkar og forvridde metalldelar. Rykte i dykkarmiljø seier at skipsklokka er tatt opp av troféjegerar. Ei minneplate er sett opp på berget der forliset skjedde.

«Å «Masfjord» kvi skulde det ganga slik.

Kvi fekk du så usæl ein ende.

Du var då so kjend i kvar einaste vik,

men lell mot fjellet du rende.

Ei likkista svart for mange du vart,

Gjekk under med kjære og kjende.»

OVERLEVDE: Ellen M. Sandnes (73) ser på gamle avisklipp om forliset. Erstatning og kriseteam var framandord den gongen. Men ho er ikkje bitter. For ho redda det viktigaste - livet. Ho har ikkje vore plaga av etterverknader, men når ho ser og høyrer om forlis, kjem hendinga nær igjen.
MINNEPLATE: Denne vart avduka av Ellen M. Sandnes ved femtiårsjubileet for «Masfjord»-forliset. Ved Sandnes kyrkje står også ein minnestein med namna på dei omkomne i forliset.
FJORDABÅT: Lindås Masfjordens dampskipselskaps D/S «Masfjord» var ein båt folk i distriktet var stolte over. Båten var bygt med isbrytarbaug i 1904 ved Kristiansand mek. Vart heva etter forlis ved Solesjøen i Austrheim der sju personar mista livet. Seinare forlenga. Hadde sertifikat for 304 passasjerar.