Grottene, eller «Magic caves», blir dei kalla, desse mystisk opplyste gangane innover i fjellet ved fylkesgrensa i Nærøydalen. Veggene ser kvitkalka ut, men dei er ikkje pynta på i det heile. Fjellet på desse trakter, og heilt sør til Mjølfjell, er kvitt. Berre på utsida er det nesten svart. Den aluminiumhaldige bergarten er mørkna av dagslys, vêr og vind.

Gruvedrift

Men grotter er det ikkje. Dette er menneskeskapt. Boreriggar, dynamitt og hjullastarar har vore på ferde. Ute i friluft har steinknuseverk laga kvit hagesingel, sand til lysare asfalt, og andre kvalitetar som vert skipa ut i verda frå Gudvangen kai. Til aluminiumsproduksjon er det likevel billegare å henta bauxitt lange vegar.

No har gruvefolket gått i gang med å hola ut Jordalsnuten innanfrå, fjelltoppen med drakehola midt i det vidgjetne utsynet frå Stalheim Hotell, velkjent på prospektkort og i forteljinga «Berre ein hund» av Per Sivle. Difor har huldrer og kristenfolk flytta inn i gruvegangane tvers over vegen. Her er det Torill og Olav Hylland ved Gudvangen Fjordtell som har regien.

Dei har rigga opp lys i mange fargar, sett inn bord, stolar og anna inventar til selskaps-, konsert— og utstillingslokale. Til no er det først og fremst cruiseturistar som har fått sleppa inn.

Innerst i fjellet

Komande fredag og 15. august er det fritt fram for alle å skaffa seg billett. Fredag kan grottekvelden kombinerast med utferd til opninga av den årvisse Vikingmarknaden i Gudvangen.

I grottene blir du påkledd ei varm jakke. Du får høyra jazza folketonar, sjå biletkunst og bli servert.

«Innerst i sjelen» er namnet på kunstutstillinga her innerst i fjellet. Lena Glistrup (25) frå Sotra debuterer som salsutstillar. Ved atelieret hennar i Spania, der ho også driv med fotterapi, blir arbeida selde etter kvart som dei blir måla. Ein salsstopp har gjort det mogeleg å kunne stilla ut 30 bilete i grottegalleriet, med titlar som Blått øye, Orange tre, Lilla pyramide og Mann med flette. Til prisar mellom 600 og 12.700 kroner.

Variert musikk

Musikken er gitaristen Kåre Nytun bas for. Han har fått med seg Kåre Bulko (piano), Arnstein Klovning (bass), John Taylor (saksofonar), Kirsten Gjersvik (song og forteljing) og Beth Ramfjord (song). Beth kjem frå Fresvik, dei andre bur på Voss.

Same ensemblet vil spela 15, august når temaet er Huldrejazz med noko attåt.

– Musikken blir variert enn overskriftene tilseier. Vi tolkar omgrepa folkemusikk og jazz ganske vidt, seier Nytun.

Han let seg gjerne lokka inn i fjellet, det kvite, av vakre huldrer med vakker song.

FREISTARINNE: Det kan vera vanskeleg å stå imot når huldra lokkar deg innover kvite gruvegangar med mystisk, spanande og fargerik lyssetting.
arne hofseth
arne hofseth
arne hofseth
arne hofseth