Mannen, som er i 30-åra, var til sjenanse for dei andre passasjerane og oppførte seg truande og valdsamt i rusa tilstand. Dette førte til at mannskapet plasserte han i hurtigruta sin arrest. Då båten kom til Florø i 8-tida i dag tidleg, vart han flytta over til arresten der.

Mannen hadde eigentleg tenkt seg til Bergen, men dit vert han i alle fall kraftig forseinka.

— Når han har vorte edru, skal han av-høyrast, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han fortel at saka ikkje er eineståande.

— Men det kan gå ganske lang tid mel-lom kvar gong me har eit slikt tilfelle, legg han til.