Gjennom vindauga på Varaldsøy aldersheim ser ein framleis sengene og skåpa. Men det er mørkt i alle rom. Vel, nesten alle rom.

1. februar i år vart dei gamle leia ut av bygget, og flytta til andre sjukeheimar i andre deler av kommunen. Varaldsøy aldersheim vart første offer då politikarane i Kvinnherad i fjor starta arbeidet med å få balanse i kommuneøkonomien.

I 2011 viste rekneskapen eit underskot på 55,7 millionar kroner, og i fjor kom kommunen inn på Robek-lista for andre gong på tre år. Det betyr at dei ikkje kan gjera nye investeringar utan løyve frå Fylkesmannen.

Politikarane fekk kniven på strupen, og bestemte seg for at det var dei store utgiftspostane som måtte kuttast: Skulane og aldersheimane.

Slikt skjer ikkje utan kamp. På Varaldsøy vart to damer igjen.

Protesterte kraftig

Det er potteplantene som avslører dei. To vindaugskarmar med orkidear tett i tett, vitnar om at aldersheimen på Varaldsøy enno ikkje er heilt fråflytta. Mildrid Hartveit (85) og Torborg Skjelnes (94) sette seg på bakbeina då heimen skulle stengjast, og det så kraftig at dei faktisk fekk bli.

AVSTAND: Dei brukte å kunna besøka henne fleire gonger i veka. No går det fort to veker mellom kvar gong Herborg Djuvsland ser borna. Å reisa frå Varaldsøy til Husnes kan lett ta mesteparten av dagen.
ROAR CHRISTIANSEN

— Eg trur me protesterte så fælt at dei blei redde inne på kommunehuset, seier Hartveit, set seg til rette på rullatoren og ler.

Hartveit og Skjelnes klarar seg stort sett sjølve. Heimesjukehjelpa hjelper til med matlaging og andre oppgåver, men elles er dei to damene på sjølvstyr, og synest dei har det godt.

Kvinnearbeidsplass

Men to standhaftige damer veg ikkje opp for ein heil aldersheim, og det har alle som held til på Varaldsøy, fått merka.

Med aldersheimen forsvann også den største kvinnearbeidsplassen i bygda. No er dei 30 som arbeidde der, blitt pendlarar. Like etter nedlegginga, forsvann òg butikken. Aldersheimen og dei som arbeidde der, var kundar landhandlaren ikkje klarte seg utan.

Bygdefolket samla inn 3000 underskrifter, og argumenterte så mykje dei kunne. Men politikarane på andre sida av fjorden hadde bestemt seg.

No sit dei på rådhuset med den utakksame oppgåva med å finna neste post på budsjettet som skal kuttast.

Milliardgjeld

For å fortelja historia om Kvinnherad, må ein gå tilbake til 1996. Då selde dei aksjane sine i Sunnhordland Kraftlag. 290 millionar kroner vart sett i eit fond som i dag har stige i verdi til 500 millionar.

Det er ingenting på inntektssida til Kvinnherad som vitnar om ein kommune i krise.

Men på utgiftssida står det verre til. Kvinnherad er ein stor kommune, med 18 skular og inntil nyleg fem aldersheimar. Slik hamna dei i uføret, ifølgje kommunalsjef Kjell O. Nygård.

— Kvart år har me brukt 100 millionar kroner av eigne midlar på skule og omsorg. Samstundes er fondet avhengig av utviklinga på børsen. Eitt år har me avkastning, eit anna år har me tap. Det gjer at pengane me har til drift, går opp og ned som ein jojo, seier han.

Kommunen har ikkje lagt noko til sides i gode år, og har difor ikkje hatt noko ekstra når dei vonde åra har kome.

Det langvarige resultatet er årlege utgifter som er høgare enn inntektene, og på toppen ei kommunegjeld på 1,1 milliardar kroner som det skal betalast renter og avdrag på.

- Nærast borgarkrig

I fjor sommar bestemte politikarane at driftskostnadene til kommunen må reduserast med 70 millionar kroner på tre år. Det gjorde at aldersheimen på Varaldsøy vart lagt ned. Det same skjedde med barneskulen i Ølve. Fleire skular står for tur, men politikarane vegrar seg, meiner Nygård. No har dei leigd inn ein konsulent for å få innspel utanfrå.

— Det er vanskeleg for politikarane å ta frå sektorar som berører folk slik som dette. Men ingenting tilseier at situasjonen vår blir betre. Drifta vår er ikkje berekraftig, og då må me effektivisera, seier Nygård.

Han legg ikkje skjul på at prosessen er vond.

— Me har vore ein kommune som har satsa, og hatt vekst. Men no har me ingenting meir å satsa med. Kassa er tømt, og alt me har går til dei tunge sektorane, seier Nygård.

HEIMSLEGE TRAKTER: Det var her på Gjuvsland Herborg Gjuvsland budde. Borna hadde håpa den siste heimen hennar også skulle vera på øya, men den vart i staden på Husnes, på andre sida av kommunen. - Eg var så trygg då ho var her, seier dottera Bjørg Djuvsland.
ROAR CHRISTIANSEN

— Det er ein fortvila situasjon for ein kommune å komma i, og det har nærast vorte borgarkrig. Då skal det tøffe politikarar til for å makta og gjera vedtaka som er nødvendige.

- Som ein slaktebil

I ei stove på Gjuvsland på Varaldsøy sit Herborg Djuvsland (88) i godstolen sin og nikkar i takt til sine favorittmelodiar frå 50-talet. Ho er berre på besøk her no, for den nye heimen hennar er på andre sida av kommunen, på Husnes.

Dottera Bjørg Djuvsland hugsar dagen godt. 1. februar stod ho utanfor aldersheimen med mora og to andre eldre damer. Så kom drosjen - ein liten minibuss. Sjåføren opna bakluka, og gjorde i stand så ein rullestol kunne trillast om bord. Bjørg hugsar ho tenkte at det likna alt for mykje på ein slaktebil. Så vart dei tre damene geleida inn i bilen og køyrt av øya.

— Det var forferdeleg å flytta mor. Då ho var her på Varaldsøy, visste eg at ho var trygg. Men ho er dement, og på den nye heimen var det ingen som kjende henne. Ingen der visste noko om livet hennar, seier Bjørg Djuvsland.

For Bjørg og broren Per Edvard Djuvsland har det å besøka mora vorte ei mykje vanskelegare oppgåve enn før. Ferja går berre til visse tidspunkt, så store delar av dagen går med kvar gong.

— Før var me innom fleire gonger i veka, og i tillegg kom naboar og bygdefolk framom. No vert det ofte ikkje meir enn annankvar veke, så me fryktar ho blir sitjande mykje passiv, seier Per Edvard Djuvsland.

Fryktar fråflytting

Men dei uroar seg ikkje berre over mora. Dei ser også at lokalsamfunnet svinn hen. Aldersheimen var hjørnesteinsbedrifta i øysamfunnet. Per Edvard Djuvsland fryktar at dominoeffekten berre så vidt har starta.

GAMLE SLAGERAR: Herborg Djuvsland er dement, men songane ho brukte å høyra på 50-talet kjenner ho godt att. Og om ikkje hovudet er heilt klart, så er ho i alle fall lett på foten når dottera Bjørg Djuvsland vil dansa.
ROAR CHRISTIANSEN

— Mange har turisme som attåtnæring her, men dei slit no når butikken er stengt. Primærnæringane er ikkje i stand til å halda oppe drifta utan ei attåtnæring, og då vert kulturlandskapa det neste som blir ramma. Barnehagen heng i ein tynn tråd fordi det ikkje er fleire born, og i neste omgang står skulen for tur. Desse kostnadene trur eg ikkje politikarane kan ha rekna med, seier han.

Eva Haukås hadde arbeidet sitt på aldersheimen i 31 år. No har ho måtta gå over i heimesjuketenesta. Ho flytta til øya i 1980, men slik stoda er no, trur ho ikkje mange vil gjera det same i framtida.

— Ingen vil flytta hit når her ikkje er arbeidsplassar. Arbeidsdagen min no er tungvint. Pendling er pyton, seier ho.

Leiar for bygdelaget på Varaldsøy, Øystein Kårstad, er uroleg for det same. Han meiner nedlegginga av aldersheimen var eit slag i trynet for lokalbefolkninga.

— Bygda har vore i motbakke dei siste ti til femten åra, og det har heile tida vore ein kamp for å få behalda den aldersheimen. Det var ein av dei mest sentrale arbeidsplassane, og det seier seg sjølv at det vert vanskeleg. Me har ikkje akkurat den store tilflyttinga her for tida, seier han.

Bygdelagsleiar Kårstad berre ristar på hovudet, og ler når politikarane kjem opp som tema. Sjølv om alt eigentleg er langt frå morosamt.

— Det er ein trist situasjon for heile Kvinnherad kommune. Det har aldri vore så mykje usemje og splid som no, seier han.

- Tung avgjersle

I Rosendal sit ordførar Synnøve Solbakken (Ap). Ho har sjølv vakse opp på Varaldsøy, men har no måtta fronta nedlegginga av aldersheimen deira.

— Aldersheimen er viktig for Varaldsøy, det forstår eg. Eg var ein av dei som arbeidde i fleire år for å oppretthalda drifta, men eg kunne ikkje finna midlar til å drifta fem sjukeheimar i kommunen. Det var ei tung avgjersle å ta, seier ho.

Ordføraren er likevel ikkje i tvil om at det er nødvendig med store kutt for å få økonomien i balanse, og er ikkje ferdig med arbeidet enno.

— Me ser på mogelegheita for strukturendringar i heile kommunen, så det er ikkje berre Varaldsøy og Ølve som skal ta støyten, seier Solbakken.

Ho forstår at det kan vera vanskeleg å godta nedskjeringane.

- DEI BLEI REDDE: Mildrid Hartveit (85) sette seg på bakbeina då Varaldsøy aldersheim skulle stengjast og buarane flyttast til andre sjukeheimar i andre delar av Kvinnherad kommune. - Eg trur me protesterte så fælt at dei blei redde inne på kommunehuset, seier ho.
ROAR CHRISTIANSEN

— At ein kraftkommune med midlar på bok kan hamna på Robek-lista er ikkje så greitt å sjå for alle. Men dette er ein situasjon me har hamna i over lang tid. Det har vore gjort tiltak tidlegare, men dei har ikkje vore store nok til å få drifta ned der ho høyrer heime. No må me ta konsekvensane, for me kan ikkje bruka midlar me ikkje har, seier ho.

- Ulv i fåreklede

Men på Varaldsøy er ikkje politikarane sine forklaringar gode nok. Varaldsøybuen har blitt svikta.

I 2007 køyrde Per Edvard Djuvsland enno drosje, og før kommunevalet henta han valmateriale for Ap heime hos Solbakken og køyrde det rundt til folk på heile øya. Ivrig fordi ein av dei skulle komma til makta i kommunen.

— Og no får me dette imot oss. Eitt år før aldersheimen vart lagt ned, lova ho at det aldri skulle skje. Det er eit slag i trynet, seier han.

— Slike politikarar kan me ikkje lita på. Ulv i fåreklede, seier søstera Bjørg Djuvsland.

Dei kjenner ingen som skal stemma på verken Ap eller andre parti i fleirtalskoalisjonen igjen.

Solbakken kan ikkje kjenna seg igjen i at ho har svikta nokon.

— Eg må sjå Kvinnherad kommune under eitt. Me har eitt budsjett og ein økonomiplan, uansett kvar me kjem frå i kommunen, seier ho.

Vil starta opp att

Kårstad og bygdelaget har bestemt seg for å ikkje sitja og sjå på at bygda vert lagt ned. Saman med Norske Kvinners Sanitetsforening jobbar dei med å få starta opp igjen drifta av aldersheimen, privat.

— Me kan sitja med hovudet i nevane, eller me kan prøva å få til noko. Og me kan ikkje sjå heilt svart på framtida. No skal me få dette til, og me håpar at kommunen vil hjelpa oss, seier han.

Mildrid Hartveit håpar så inderleg dei får det til, så ho og Skjelnes kan få ha sin siste heim på øya.

— Me eldre i bygda har alltid tenkt at det er her me skal vera når me kjem dit at me treng hjelp, seier ho.

— Eg vil ikkje ein gong tenkja på at eg kanskje til slutt må flytta. Eg kjem til å nekta heile tida.

grafikk-380.jpg