Fylkesmannen i Hordaland ser på gamle saker på nytt, etter at settefylkesmannen i Sogn og Fjordane gav ein hytteeigar på Håkonshella rett.

På Bjørge i Fyllingsdalen står ei raudmåla, 90 år gammal hytte. Frå stova ser du ned på Grimstadfjorden, men der lyngheia gjekk ned til fjorden ligg no ein stor kommunal barnehage.

På knausen oppe til venstre har kommunen bygd eit bufellesskap, medan det i dalen nedanfor står tett i tett med einebustader.

— Alt du ser der har byggmeister Nydal bygd, seier Torunn Johansen og peikar bort på bustadfeltet.

Då ho var lita var det ikkje eit hus der, berre ein gard med kyr og hestar. Men mykje har hendt sidan den gong, og no ønskjer Johansen å rive hytta og byggje eit hus på oldefarens gamle feriestad.

Frå hytteland til bustadfelt

Johansen har fått grønt lys frå eit breitt fleirtal av politikarane i kommunen, men fylkesmannen seier nei. Hytta står nemleg i det som i reguleringsplanen frå 1964 framleis heiter eit friområde.

— Eg opplever dette som forferdeleg urettferdig, seier Johansen, og peikar ut alle andre som har fått bygd nye bustader i friområdet.

For to veker sidan vann John Ruud, ein annan hytteeigar, over fylkesmannen i Hordaland. Han får likevel omgjere hytta si på Håkonshella til bustad, etter at settefylkesmannen i Sogn og Fjordane overkøyrde sin kollega i Hordaland.

Ruud skal ikkje byggje nytt, slik Johansen skal. Elles er sakene deira heilt like: Begge ligg i eit friområde, sett opp etter ein reguleringsplan som tida har gått ifrå.

Ingen av områda, som ligg berre fire kilometer i luftlinje frå kvarandre, er lenger «på landet», slik det var då hyttene vart bygd.

- Må sjå på saka på nytt

Saka til Johansen har no gått tilbake til Fylkesmannen i Hordaland. Kommunen står på sitt, og neste naturlege steg hadde vore settefylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Men mykje tyder på at Fylkesmannen i Hordaland i staden snur.

— Vi må vurdere om vi skal endre syn, seier førstekonsulent Øystein Åsland i Fylkesmannens miljøvernavdeling, og viser til saka på Håkonshella.

— I lyset av den er vi nøydd til å sjå på denne saka ein gong til. Så på den måten kan ho få eit heilt anna utfall enn sist, seier han.

Åsland grunngjev dette med at sakene er relativt like. Han seier vedtaket i Håkonshella-saka no vil bli vurdert i høve til fleire andre, liknande saker.

— Kva saker vil det få konsekvensar for?

— Det veit eg ikkje, men det er klart vi må sjå på dette vedtaket som alle andre vedtak som kjem frå settefylkesmann. Men det er klart at det er få saker som er heilt like, seier Åsland, som ikkje reknar med at det er mange liknande saker.

Helge Sunde