Jostein Blænes i Blænes Bygg AS fekk til sist hand om det 220 mål store området som var tiltenkt tidlegare byråd Jens Lorentzens drøymeprosjekt: Time share-landsbyen Hansastaden. Her blir det no investert rundt 100 millionar kroner i ein ny hyttelandsby med bergensarar som hovudmålgruppe. På Nappane i Lindås — også det eit omtråde Lorentzen planla som Hansastaden - er det i sommar lansert eit utbyggingsprosjekt for 228 husvære i regi av Lindås Utbyggingsselskap.

På Bjånestangen ved Storebø er dei første 24 rorbuene i ferd med å bli tekne i bruk. I strandsona skal det oppførast rundt 20 rorbuer til, i terrenget ovanfor blir det rydda 75 hyttetomter. Og seinare kan det bli enno meir utbygging på det store arealet som Blænes kjøpte rimeleg i 2000.

- Var før si tid

— Det er rette tida no. Dei 24 første rorbuene er alt selde, med lite marknadsføring, seier Jostein Blænes til Bergens Tidende.

Blænes meiner det var eit feilsteg å lansera Hansastaden som eit time share-prosjekt.

— Du veit korleis me nordmenn er. Me vil helst eiga åleine det me brukar, seier han.

— Idéen bak utbyggingsplanen var god, men prosjektet var kanskje ti år før si tid, seier Blænes.

Alt i 1992, då det var klart at Hansastaden hadde fått alvorlege finansieringsproblem, prøvde Jostein Blænes å bli med på ein bergingsaksjon for prosjektet. I staden gjekk eigedommen til dåverande Bergen Skillingsbank. Banken overtok Norsk Hypotekinstitutt, finansieringsselskapet som i tapte 30 - 40 millionar kroner på Hansastaden. Då Blænes kjøpte Austevoll-eigedommen for seks år sidan, var området på hendene til eit selskap på Romerike.

Over to mill.

På Bjånes i Austevoll er det Blænes Bygg-selskapet Bjånestangen Eiendom AS som står for utbygginga. Arbeidet blir utført av Fitjar-entreprenøren Engevik & Tislevoll.

Rorbuene er på rundt 120 kvadratmeter fordelt på tre plan. Både båtplass og bilparkering er med i prisen, som ligg på over to millionar kroner. Fritidshusværa er plasserte på eit stupbratt, sørvestvendt strandareal som har kravd omfattande utsprenging av fjell sidan grunnarbeida starta i 2004.

— Det har vore store investeringar, men det ser ut til at me skal koma ned med beina på jorda, seier Jostein Blænes. Han viser oss både rorbuene og hyttetomtane der fleire kjøparar alt har reservert plass, og det for fritidsbustader i høg prisklasse.

20 tilsette

Blænes Bygg er eit mindre trelastfirma med knapt 20 tilsette, lokalisert i Vestre Vinnesvågen sør på Huftarøy. Ifølgje Jostein Blænes arbeider firmaet også med planar om andre større utbyggingar i Austevoll. I første omgang konsentrerer Blænes seg om å starta marknadsføringa av Bjånestangen for alvor.

— Til no har me selt på grunnlag av prospekt, og interessa har vore god. Etter kvart kan me også visa fram anlegget slik det er, seier Josten Blænes.