PER MARIFJÆREN

Det var tid for synfaring og opprydning etter stormens herjingar. Viksavågen på Viksøy i Sund var det lokalsamfunnet der skadane var størst.

Hus, hytter, naust, kaianlegg og båtar ligg knust til pinneved langs land når eigarane dukkar opp ein etter ein for å inspisere skadane og sikre restane.

Glad trass alt

Saman med lokalpolitikarar, naturskadefondet, forsikringsfolk og hamnevesenet kunne dei berre konstatere at ingenting har kunna motstå dei kreftene som var i sving onsdag.

— Ei rekke uheldige omstende gjorde at Viksavågen er spesielt hardt råka. Slike forhold ser vi heldigvis sjeldan her langs kysten. Vinden hadde maksimalt uheldig retning, seier Sund-ordførar Albrigt Sangolt, som var på staden saman med resten av formannskapet i går.

— Vi får berre vere glad for at ikkje liv gjekk tapt.

Etter synfaringa bestemte politikarane seg for å bistå i arbeidet med å rydde opp og få ting i normal gjenge i det vesle båt- og ferieparadiset lengst sør i Sund kommune.

Kommunen fekk i går rydda og vil etter kvart utbetre det skadde vegnettet, og har også tatt oppgåva med å samordne arbeidet med skademeldingar og liknande.

Og dei som ikkje lenger kan bu i husa sine, vil også kunne rekne med hjelp frå kommunen, bestemte politikarane på eit ekstraordinært formannskapsmøte.

Sjø rundt heile huset

I første rekke gjeld det 70 år gamle Vilborg Espeseth og sambuaren hennar Erling Wiik (76), som Bergens Tidende fortalde om i går.

Dei fekk kjellaren og terrassen i huset rasert av bølgjene som slo inn, og måtte evakuere huset i all hast onsdag føremiddag. I går var dei tilbake i eit sterkt skadd hus, og fekk besøk i stova av både ordførar og formannskap.

Der fekk Vilborg fortalt politikarane korleis ho opplevde den høgdramatiske dagen, og korleis ho og mannen berre måtte rømme huset opp gjennom hagen på baksida. På dette tidspunktet var vegen allereie øydelagt.

Politikarane lova på si side å bistå med å skaffe paret ein plass å bu, i alle fall inntil lagnaden for huset er avklara.

— Kjellaren er heilt rasert og utvaska av bølgene. Terrassen vår er knekt ned, og parabolen er forsvunnen. Vi veit ikkje kor store skader huset har fått, men varmeanlegget er øydelagt og vi kan likevel ikkje bu her, seier Vilborg.

— Korleis opplevde du det som skjedde?

— Sjøen var jo liksom rundt heile huset, på alle kantar. Eg var redd, men greidde heldigvis å ta meg saman, seier 70-åringen

Hadde 11 båtar i naustet

Utanfor huset ligg det meste i ruinar. Folk ruslar rundt blant vrakrestane, liksom litt utslått over synet av alle øydeleggingane. Nokre båtar ligg og duppar blant dei uhorvelege mengdene vrakgods ute på vika, andre båtar er slengt fleire meter opp på land.

— Eg hadde elleve båtar liggande i dette naustet, seier Magne Vigsø, ståande på toppen av ein kjempesvær haug av splintra bjelkar, bølgeblikk, plankar og takstein. Under tonnevis av knust materialar kan vi skimte rekka på ein av dei fire båtane som enno ligg igjen.

— Naustet var i tre etasjar, og var på over 700 kvadratmeter golvflate. I andre etasje var det innreia eit husvære. No er det berre ein haug skrot, sukkar Vigsø.

Og han er ikkje aleine. Berre her i vika er sju-åtte naust, fleire av dei store, totalskadde. Dei eldste hadde stått imot vær og vind i langt over hundre år.

Hytteidyllen forsvann

På motsett side av vika kan familien Økland konstatere at dei har ein del arbeid å gjere før hytteidyllen er gjenoppretta. Dei hadde to mindre hytter ståande tett ved einannan. Den eldste har klart seg med mindre skader som øydelagt terrasse, knust terrassedør og innvendige vannskader. Den andre, som kun var eit par år gammal, var bolta fast rett i fjellet. No har bølgjene drive heile bygget fleire meter bakover, der det har stoppa opp mot nokre grantre. Utan desse trea, ville hytta forsvunne rett i sjøen.

— Jaja. Det var i alle fall ikkje noko vi kunne gjort i går for å hindre dette. Og reiskapsboden som stod der nede, er kort og greitt vekk, konstaterer Hans Økland.

Som dei fleste andre er han glad for at ingen vart alvorleg skadd i ekstremværet.

SMILER TRASS ALT: Vilborg Espeseth og sambuaren Erling Wiik må flytte frå huset som bølgjene øydela onsdag. I går fekk dei kjærkommen støtte frå lokalpolitikarane i Sund, som kom på besøk i stova. Alle sjokkerte over stormens herjingar.
HUS, BÅT, NAUST: Alt fekk same behandlinga av naturkreftene på Viksøy. Terrasse og kjellar på det over 30 år gamle huset kunne ikkje stå imot da bølgjene kom. - Eg trudde aldri at dette kunne skje, seier Vilborg Espeseth, som onsdag måtte evakuere huset i all hast saman med mannen sin.
FLYTTA HYTTA: Solid forankring rett i berget hadde ingenting å bety; stormen gjorde som den ville og flytta denne hytta fleire meter bakover der den stoppa mot nokre grantre. <br/>Foto: TOR HØVIK
EIN GAMMAL SLITAR: - Det er synd, men, men. Den var i veldig god stand. Eg har hatt mange kosestunder med denne, seier Ingvald Viksøy, som saman med kona Solveig måtte konstatere at den 23 fots, åpne tresnekka har fått store skader i stormen.