Lite minner om badesesong og grillmat på Neshamn ein forblåst februardag. Det er derimot kjernen i striden som har ridd Neshamn sidan 2001.

— Folk trur dei har rett til å gå her, sjølv om dei trør midt i middagen vår. På fine solskinsdagar må me berre rømma staden, seier Gundersen.

Ho syner Bergens Tidende rundt på familien sitt sommarparadis. Eit halvt mål med berg og grøne grasplenar, ei lita hytte som klorar seg fast 14 meter frå sjøen, og stridspunktet - ein treplatting med grillhus heilt i strandkanten.

Strandveg for atletar

For å koma fram til badestranda 100 meter forbi hytta, må badegjester gå over naboen sin innmark før dei kjem inn på Gundersen sin treplatting. Deretter må dei klatra vidare over bratte svaberg.

— Her kjem folk med barnevogner og syklar og lurar på kor strandvegen går, seier hytteeigaren hovudrystande. Ho meiner dei kan gå ein kort omveg på sti bakom hytta.

Saka blei kjend sommaren 2001. Tips frå publikum til Tysnes kommune gjekk ut på ulovleg bygging i eit område avsett til landbruk, natur og friluftsliv (LNF).

Saka gjekk fram og attende mellom Tysnes kommune og Fylkesmannen som til slutt fatta vedtak om at bygget må rivast fordi det strider med landskapsinteresser i området og kan vera til hinder for fri ferdsel.

— Eg har lagt meg paddeflat for kommunen når det gjeld den manglande byggemeldinga. Det eg ikkje aksepterer er at ålmenta har fri ferdsel gjennom hagen min. Difor vil eg gå vidare med saka, seier Gundersen.

Ho føler hytteeigarar generelt blir motarbeida i Tysnes kommune.

— Ta ein båttur rundt øya og sjå byggverka og nausta som vert bygd Det må vera likskap for lova, seier Gundersen engasjert.

- Ingen kan nekta oss

Leiar av Kongsvik grendalag, Ola Hope, veit at mange er irriterte på byggverket til Gundersen.

— Badevika har vore nytta i fleire generasjonar. Eg har inga tru på at nokon kan nekta folk å gå langs stranda. Me har jo allemannsretten, seier Ola Hope.

Han peiker på episodar der folk skal ha blitt jaga frå eigedomen til Gundersen.

— Det har vore ein episode, og den har me beklaga, vedgår Gundersen.

Advokat Ove Jan Ommundsen legg denne veka siste hand på ei stemning av Staten ved Miljøverndepartementet på vegner av hytteeigaren på Neshamn.

— Me meiner Fylkesmannen sitt vedtak er ugyldig. Det er soleklart at ålmenta ikkje har nokon rett til fri ferdsel over ein så liten eigedom.

— Eg meiner klienten min har blitt utsett for ulik handsaming. Ho har bygd ulovleg, men var det ikkje i eit LNF-område, ville det ikkje vore meldepliktig ein gong. Her har kommunen brukt vel mykje makt, seier advokat Ommundsen.

Held fast på strandveg

— Slik me ser det er dette eit ulovleg oppført byggverk i strandsona som vil hindra fri ferdsel over ein mykje brukt strandveg, seier Lars Heine Kåsa, leiar for Utval Landbruk/teknisk i Tysnes kommune.

— Gundersen meiner ho blir handsama ulikt?

— Det er umogeleg å samanlikna denne saka med andre saker sidan det her er snakk om stenging av ein veg, seier Kåsa.

For Anne-Helen Gundersen og familien handlar saka om retten til privatliv.

— Dersom eg må fjerna plattingen og grillen, oppfattar eg det som om eg ikkje kan opphalda meg i min eigen hage fordi eg er til hinder for fri ferdsel. Det blir å setja saka heilt på hovud.

STRANDVEG?: - Badegjester skal vera gode klatrarar om dei skal ta seg fram her på flo sjø, seier hytteeigar Anne-Helen Gundersen. FOTO: LENA VERMEDAL
VOND HYTTEDRAUM: - Mange draumar gjekk i oppfylling den dagen eg fekk kjøpa hytta, men å bli så motarbeida av kommunen forstår eg ikkje, seier Anne-Helen Gundersen. Tysnes kommune krev at ho riv ein treplatting og eit lite grillhus, men sekretæren frå Os vil ikkje bøya seg.