— Vi tømde fort alle brannsløkkingsapparata i grenda, og sidan kjende vi oss heilt hjelpelause. Vi hadde ingenting å hjelpa oss med, seier Inge Einar Jordalen.

Han bur i tettaste husklyngja i Jordalen, i den ytterste utkanten av Vossaveldet. Der fire gardsbruk er blitt til tre, er det 20 hus og om lag 300 husdyr, mest sau, men også mange kyr, oksar og kalvar. Og ein hest.

Kor mange menneske som er i dalen, avheng sterkt av årstida, og kor mange ungdommar som er heimom.

Gylle-beredskap

Gylle-anlegg til møkaspreiing har vore redninga ved mange brannar ute på bygdene. Det har hendt at utvatna kumøk har vore sløkkjemiddel, men det mobile pumpesystemet kan også brukast til reint vatn. Problemet er at vatn på tanken frys til is dersom det blir ståande i 15 kuldegrader.

— Vi har lurt på om vi burde bygga ein isolert garasje, der vi kunne ha ein vassfylt gylletank ståande heile vinteren, seier Jordalen.

Han vedgår at hyttebrannen på Nåsen har vore ein vekkjar. Folket i fjellgrenda tenkjer kreativt. Dei jaktar på løysingar. Er vindretninga ugunstig, kan mange hus gå med i ein brann. For folk og dyr er kanskje røyken farlegast.

Veg og kraftverk

Tryggare veg står likevel høgst på ynskjelista. Då brannen oppstod, var det lagleg vêr, og vegen var godt brøytt. Slik er det ikkje kvar dag i Jordalen. Dei bratte og kronglete tunnelane er akkurat vide nok til brannbilane.

I staden for å lappa på eksisterande veg, vert det arbeidd med ein heilt ny, tvers gjennom Jordalsnuten, i kombinasjon med utvinning an anortositt (kvit stein) og bygging av kraftstasjon.

— I prinsippet er slikt umogeleg i eit verna vassdrag, i eit landskapsområde med plass på UNSESCO si verdsarvliste, seier Sigmund Bjørke, som står bak planen.

Men Stortingsvedtaket i 2005 om å ta Jordalselva (sideelv til Nærøyelva) ut av verneplanen, har gitt håp. Framleis står det att å få løyve hjå styra for landskapsvern- og verdsarvområdet, og dispensasjon frå Samla plan. Kraftverket får eit fall på 275 meter og ein middels produksjon på 65 GWh i året. Vatnet skal sleppast ut att i Jordalselva, ovanfor den lakseførande delen.