HILDE KRISTIN STRAND

Politiet fekk melding om brannen klokka 20.58 søndag kveld. Ei dansk kvinne bur i periodar i hytta.

— Me meiner at ho ikkje var der no, men me kan ikkje seia det hundre prosent sikkert. Hytta ligg dessutan slik til at ein ikkje har kome seg inn for å sjekka, seier operasjonleiar Per Stiegler i Hordaland politidistrikt.

Då BT var på staden i 21.30-tida sto flammane høgt. Hytta var då nesten heilt nedbrend Det var òg mykje røyk og ein del gneistar på staden. Hytta ligg litt einsleg til, men nokre av naboane i husa lenger oppe i Holmedalen hadde tatt fram hageslangen og vatna husa sine.

— Eg sto i dusjen då lyset i mitt hus blinka. Så seier kona mi at det brenn i hytta, seier ein av naboane BT snakka med.

Hytta vert kalla ýdanskehyttaý på folkemunne.

Hytta ligg i det same området der ein tomannsbustad brann ned til grunnen i juli i år.