Den legendariske steinhytta i 1800 meter høgde på Bandet, like under Store Skagastølstind, har sidan ho blei bygd i 1890 vore redninga for mang ein fjellklatrar. Men under sterke protestar fjerna Den Norske Turistforening (DNT) omnen og vedlageret for to år sidan. Denne sommaren er resten av hytta ribba for innhald. Utedassen er fjerna, alle sengklede og ullteppe er tatt vekk.

I det norske klatremiljøet er reaksjonane sterke. Hytta på Bandet ligg i hjartet av Hurrungane, det mest populære klatreområdet i landet. Hytta, som også blir kalla Skagastølsbu, har vore ei sikringshytte mange fjellsportutøvarar har søkt ly i etter å møtt på uvêr, blitt skada eller fått andre problem på klatreturar.

Redda liv

— Det som har skjedd er heilt forferdeleg. Mange har redda livet i denne hytta. Seinast i sommar måtte ein familie søkje ly der. Først etter to dagar kunne dei bli henta ned med helikopter, seier Odd Eliassen.

Eliassen, som var første nordmann på toppen av Mount Everest, var tilsynsmann for hytta på Bandet frå 1972 og i 17 år framover. Han seier rett ut at han ikkje skjøner kva DNT tenkjer på, og viser til at det dei siste åra har det vore ein enorm auke i trafikken til dette området.

— DNT eig hytta, og har eit ansvar både for den og dei som ferdast i området. I ein kritisk situasjon er nettopp varme det viktigaste. Det har Turistforeningen tatt vekk når dei har fjerna omnen, vedlageret og ullteppa.

Også Norsk Tindeklubb, ein medlemsorganisasjon for norske klatrarar, har engasjert i den omstridde saka. Sist vinter bad dei om å få overta ansvaret for hytta, men fekk nei frå DNT.

— Vi har bedt om at det blir sett inn ein ny omn. Etter det vi forstår vil DNT no vurdere dette, seier leiar Egil Fredriksen.

Slik ho skal vere

Men DNT meiner hytta no er slik ho skal vere.

— Hytta på Bandet har skifta status frå å vere ei ubetjent hytte til ei naudhytte. Etter vårt syn er det ikkje trong for overnattingskapasitet på Bandet. Vi har rusta opp bygningen, og den er no slik vi meiner den skal vere for at folk kan søkje ly, seier generalsekretær Sverre Larsen.

Å få på plass att ullteppa, kan DNT vere villig til å vurdere. Men omn og ved er det verre med.

— Det er kostbart å halde hytta med ved og omn. Relativt sett er denne den dyraste hytta vi har i drift, seier Larsen.

Odd Eliassen meiner kostnadene ikkje kan vere noko argument.

— Helikoptertransporten opp kvar vår kostar kanskje 8000 kroner. I tillegg får tilsynsmannen ei viss betaling, men det er no ikkje så mange kronene, seier fjellklatraren.

DNT-generalsekretæren seier til Bergens Tidende at dei i haust skal ha eit møte om hytta på Bandet med miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

— Vi vil sjølvsagt lytte, dersom fylkesmannen har merknader til det som er gjort, seier Larsen.

FJERNAR UTEDASSEN: Bjørn Vike i full gang med å rive utedassen ved hytta på Bandet. Vike legg ikkje skjul på at oppdraget under majestetiske Store Skagastølstind denne sommaren er mellom dei mindre kjekke han har hatt for DNT.