Sidan tidleg på 1990-talet har Vegdirektoratet kjøpt støvrenseanlegg frå firmaet CTA International (Clean Tunnel Air Int.) for tresifra millionbeløp. Lærdalstunnelen i Sogn og Nygårdstunnelen i Bergen er berre to eksempel.

Vegdirektoratets fagfolk meiner dei høgspentbaserte renseanlegga er brannfarlege, og har nedlagt driftsforbod. Dermed står alle renseanlegg ubrukte – på ubestemt tid.

– Toler ikkje å vere i drift

Ein SINTEF-rapport har konkludert med at el-anlegget på dei elektrostatiske støvfiltra frå firmaet CTA har alvorlege manglar, og at det ikkje oppfyller forskriftene. I verste fall kan filtra utgjere ein brannfare inne i tett trafikkerte tunnelar.

Sidan rundt 1990 har CTA nærast hatt monopol på å levere slike filter til Statens Vegvesen. I dag er alle filtra ute av drift.

Renseanlegget i prestisjeprosjektet Lærdalstunnelen er det aller største, og skulle rense både partiklar (støv) og gass. Da Lærdalstunnelen opna i november 2000 hadde det ubrukelege renseanlegget kosta totalt 50 millionar kroner. Det har ikkje vore i drift etter garantiperioden. Selskapet som leverte støvrenseanlegget er no konkurs.

Tok fyr i kablar

– Problemet er at det viste seg å ikkje tole kontinuerleg drift. Anlegget har ei spenning på 14000 volt, og det tok fyr i ein del kablar på høgspentdelen. I tillegg vart ein del andre elektriske komponentar brent, seier Gunnar Lotsberg ved Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane.

Lotsberg opplyser at anlegget i Lærdalstunnelen, som med sine 24510 meter er verdas lengste biltunnel, vart sett på som eit pilotprosjekt for framtidas luftrensing i tunnelar. Tunnelen har i dag berre tradisjonell ventilasjon med vifter.

– Betyr dette at det store renseanlegget i Lærdalstunnelen strengt tatt ikkje var nødvendig?

– Det kan jo diskuterast. Men dersom det var i drift og fungerte etter planen, ville vi klart oss med færre vifter og mindre ventilasjon. Likevel har vi ingen problem med å drifte tunnelen utan dette anlegget, seier Lotsberg.

180 kubikk i sekundet

Lærdalstunnelen var den første i verda utstyrt med renseanlegg som skulle fjerne både støv og gass. Støvrensedelen vart altså levert av CTA, medan gassrenseanlegget vart levert firmaet Alstom Norway AS. Begge anlegga er plassert inne i ein eigen fjellhall, rundt ni kilometer frå Aurlandssida.

Få av trafikantane som susar forbi anar kva som skjuler seg bak det låste gitteret i tunnelsida. Den som stoppar og svingar av, kan skimte den svære foldeveggen med elektrostatiske panel litt lenger inne.

Hundre meter vidare i inn i Lærdalstunnelen er ei ny sidesjakt – opninga der den rensa lufta skulle blitt blåst tilbake i vegtunnelen.

Anlegget kan rense 180 kubikkmeter luft i sekundet. Men her inne er alt stille, slik det har vore dei siste åra.

Meirarbeid med reinhaldet

Vegvesenets Rune Dvergsdal og David Håndlykken låser oss inn og viser oss det gedigne renseanlegget. Først dei tre svære elektrostatiske panela som skal reinse støvet, deretter to femti meter lange sjakter. På toppen av sjaktene ligg 425 kvadratmeter med kolpartikkelfilter i bingar.

I enden av anlegget er veggen med to vifter (3 meter i diameter, 1080 kW) som skal trekke luftstrømmen gjennom det heile, og blåse den tilbake i vegtunnelen.

Stilla er total her inne, berre avbroten av romlinga frå kjøretøy som passerer i hovudtunnelen.

– Det er fleire år sidan eg var her inne sist, seier Rune Dvergsdal, som er ansvarleg for vegnettet i Indre Sogn.

– Når renseanlegget ikkje er i drift, brukar vi langt meir på å drive viftene ute i tunnelen. Og det blir langt meir arbeid med reinhaldet i tunnelen.

BRANNFARE: David Håndlykken inspiserer sjølve problemet - dei svære elektrostatiske høgspentfiltra som skulle ha fjerna støvet frå tunnellufta. I dag er anlegget ute av drift, og luftkvaliteten i Lærdalstunnelen er prisgitt at ventilasjonen er god nok.
ODDLEIV APNESETH