Havyard Leirvik skal byggje eit isbrytande fartøy til bruk på oljefelta i Barentshavet.

Oppdragsgjevaren er eit russisk reiarlag, og fartyet skal leverast i 2005. Verftet vonar også at reiarlaget kjem til å bestille nok eit farty.

Einaste minuset er at kontrakten ikkje gir arbeid i Hyllestad før i 2005. Skroget skal byggjast i utlandet slik at ordreboka for 2004 framleis er tom.

90 arbeidarar er permitterte på den største private arbeidsplassen i kommunen.

Nekta å bruke dollar

Så seint som i går skreiv Bergens Tidende om skipsverftet i Hyllestad, som har slite med å skaffe seg nye oppdrag på grunn av fallet i dollarkursen.

Den nye kontrakten er i Euro, tilsvarande 430 millionar kroner (til dagens kurs).

Reiarlaget ville helst betale i dollar, som vanleg i slike kontraktar. Men verftet nekta, i frykt for at dollarkursen skal halde fram å falle i verdi.

Vurderinga er at faren for store kurssvingingar er langt mindre i Euro enn i dollar framover.

— Det som gjorde at vi skifta var at dollaren har falle som den har gjort, seier marknadssjef Geir Johan Bakke.

Tøft for industrien

For kvar tiøring dollarkursen eventuelt fell framover til alle atterhald i kontrakten er rydda av vegen - og verftet kan sikre kontrakten mot valutasvingingar - ville verftet tapt 6,5 millionar kroner om kontrakten var inngått i dollar.

Direktør Knut Sunde i Teknologibedriftenes Landsforening (TBL) seier at mange av TBL sine medlemer merkar kursfallet i dollar.

Det er spesielt skips.- og oljeverfta som er utsett saman med industriverksemder som handlar med marknader utanfor Europa. Cirka ein tredjedel av industrieksporten går i dollar, seier Sunde.