1. klassingar ved Nysæter ungdomsskule kunne tatt ferie denne veka. I staden arrangerte dei moteshow og diskotek til minne om ein god klassekamerat. 25. mars i år døydde Thomas Brattabø Hope brått og uventa av hjartesvikt.

Heilt frå han var eitt år hadde han slite med ein vanskeleg diabetessjukdom.

— Laurdag ville Thomas blitt 16 år. Denne markeringa var på ein måte ein bursdagspresang til han, seier Andreas Macsik stille.

Onsdag kveld inviterte gjengen frå 10. klasse medelevar til moteshow, underhaldning med song og dans, kafé og diskotek. Sjølv om færre møtte fram enn initiativtakarane hadde venta, kom det inn over 6000 kroner. Pengane skal gå til Norges Diabetesforbund.

Elevane får ros frå familien til Thomas Brattabø Hope.

— Me er glad elevane fekk høve til å samlast og gjera ein slik ting no før dei blir spreidd for alle vindar. Eit kjempeflott tiltak, seier far Asgeir Hope. Han meiner mykje er ugjort innan diabetesforskinga og håpar pengane blir øyremerkt arbeidet for barn og unge.

1200 barn under 15 år har diabetes type 1 i Norge i dag. Årleg får 200 nye barn og unge sjukdommen. Norges Diabetesforbund spår ein kraftig auke av diabetikarar dei neste 20 åra.

<b>TIL MINNE: </b>Onsdag arrangerte elevar i 10. klasse på Nysæter ungdomsskule moteshow og diskotek til minne om klassekameraten som døde av diabetes i vår. Bak f.v.: Lærar Kjersti Kolstø, lærar Liv Ingrid Aadland, Anette Aarre. Framme f.v.: Katrine Sætrevik, Franny Bøtner, Andreas Macsik, Camilla Skare Ulvatn, Marthe Traa, Aina Koppang, Malene Aasheim og Camilla Polden.