Ein liten nevø som i sin dårskap også har gløymt kven han er, og at han — anten han likar det eller ikkje - har fleire oppdrag enn å spare pengar og maksimere profitt for eigaren. Nett slik som Hydro har han gløymt kvar han kjem frå, og har valt den autoritære maktarrogansen framfor ein åpen og humanistisk styringsmodell.

Sjølvsagt snakkar eg om dei såkalla helseføretaka. Desse som skulle bli så langt meir eigna til å drive sjukehus og helsetenester enn kva den gamle, utdaterte fylkeskommunen var.

Helseforetaka har deretter vist handlekraft i hytt og pine, utan synleg retning eller fokus i dei panikkarta forslaga til innsparing som har kome i eit bankande kjør.

Helse Førde, for eksempel, har kun vist seg konsistent på eitt punkt. Nemleg sin arroganse og totale mangel på kommunikative evner overfor eigne tilsette og overfor det samfunnet dei er sett til å tene.

Helse Førde står steinhardt på at både rasering av sjukehuset i Florø og nedlegging av fødeavdelinga i Lærdal er nødvendig medisin. Dette gjer dei utan å kunne legitimere vedtaka på truverdig vis.

For eksempel måtte Helse Førde setje bråbrems på planlagde oppseiingar ved Florø sjukehus, fordi dei ikkje hadde modellen for det såkalla nærsjukehuset - forresten eit fenomen ingen heilt veit kva er - klar.

Mistilliten til helseforetaket er no så utbreidd at både tilsette, kommunane og dei politiske miljøa knapt greier å samarbeide med Helse Førde.

På eit såkalla dialogmøte om nærsjukehuset i Florø nyleg vart Helse Førde-leiinga skulda for manglande samarbeidsvilje, siling av informasjon og for å stanse alle konstruktive innspel.

Styreleiaren i helseforetaket, Tore Thorsnes, sa det var vanskeleg å jobbe når han heile tida vart mistenkeleggjort.

Thorsnes bør her få litt hjelp. Sjølvsagt bør nokon tipse mannen og resten av styret hans om at dei kanskje kan ta ein pause, setje seg ned og finne ut kvifor omverda manglar tillit til Helse Førde. Så kan dei saktens justere kursen og deretter jobbe vidare med fornya tillit.

I sin iver etter å hjelpe Thorsnes, rykte styreleiar Herlov Nilsen i Helse Vest ut og fjerna all tvil om kva som er det eigentlege problemet.

Nilsen avfeia påstandane om at prosessen ikkje hadde vore open nok. Han meinte sågar at den var i overkant open, ifølgje avisa Firdas referat.

At dei tilsette kjenner seg spelt ut over sidelina, plassert i eit vakuum av kaos, framtidsfrykt og uvisse - og at vårt generelle helsetilbod står i fare for å bli kraftig desimert, synest altså ikkje å vere problemet Nilsen ser.

Hans problem er dei tilsette og ålmenta sine krav til innsyn og påverknadsrett i slakteprosessen. Desse soleklare demokratiske rettane som helseforetaka har gjort sitt beste for å avskjere.

Nilsen er styreleiar for offentlege føretak der tilsette får refs for å ytre meiningar i pressa.

Dette er føretak som forvaltar dine og mine skattepengar, som er pålagt å syte for at du og eg har eit best mogeleg helsetilbod.

Helseforetaka har no ettertrykkeleg vist at dei ikkje er oppgåva vaksen. At dei ikkje har oppfatta kven sin verdiar dei forvaltar, at dei ikkje har evne å stelle seg til omverda. At dei representerer ein strengt autoritær og lukka styringsmodell.

I så måte har helseforetaka våre sørgjeleg mykje til felles med sin endå meir kommersielle storebror Hydro.

Men der Hydro framstår som klare og konsistente nedbyggarar av lokalsamfunn, evnar Helse Førde lite anna enn å skape kaos, uvisse og angst.