Bømlo-reiarlaget Eidesvik førebur overgang til hydrogendrift for delar av supplybåt-flåten. Norsk Hydro har i samarbeid med Marintek, NTNU og Institutt for energiteknikk starta ein forstudie der brenselceller og hydrogen står for framdrift i ferjer. Det einaste utsleppet frå slike motorar er vatn.

Medan vi ventar på hydrogenferjene, er gassferjene ei mellomløysing med store miljøvinstar i høve til dei tradisjonelle dieselferjene. Null partikkelutslepp, redusert karbondioksidutslepp med over 20 prosent, og redusert nitrogendioksidutslepp med 90 prosent talar for seg. Den første gassferja («Glutra») kom i drift for Fjord1/MRF på Romsdalsfjorden i 2000.

Dei fem nye gassferjene på Bjørnefjorden og Boknafjorden representerer 1500 tonn mindre NOx-utslepp. Det monnar når kystflåten representerer 40 prosent av all norsk NOx-forureining. For å halda tritt med lovnaden i Kyoto-avtalen, å gå tilbake til utslepp på 1990-nivå innan 2010, må Noreg redusera NOx-utsleppa med i alt 45.000 tonn.