— Det er ikkje noko nytt i denne saka, og oppslaget må stå for Finansavisen si eiga rekning, seier informasjonsdirektør Tor Steinum i Norsk Hydro.

Finansavisen grunngjev spekulasjonane med fakta som har vore allment kjent i lang tid, nemleg at SFT har pålagt Hydro å fase ut den forelda Søderberg-teknologien seinast i 2006. Ifølge Finansavisen vil Høyanger verk etter dette kun produsere 50.000 aluminium årleg med den nyare Prebake-teknologien.

«Videreføring av denne produksjonen gir uforholdsmessig høye kostnader per tonn, dessuten får ikke støperiet nok aluminium», skriv avisa.

— Realiteten er at vi har etablert ei arbeidsgruppe som skal sjå på kva som skjer når vi fasar ut Søderberg-omnane. Hydro kjem uansett ikkje til å bestemme seg for noko før denne arbeidsgruppa har gjort seg ferdig, seier Steinum til Bergens Tidende.

— Gruppa skal naturleg nok også klarlegge eventuelle trusselbilete rundt bemanning og lønsemd.

Steinum poengterer at den uavklarte situasjonen rundt Høyanger verk har vore kjent heilt sidan SFT kom med sine pålegg. Lokalt har kravet om modernisering vore fremma ei rekke gonger overfor leiinga Hydro Aluminium, utan at Hydro har kome med noko signal i positiv retning for lokalsamfunet.

— Problemstillinga ligg der, det er klart. Det legg vi ikkje skjul på, seier Steinum.