Signala om at Hydro kan bli lunkne til å vere med på å omstille årdalssamfunnet, kjem fram i eit brev generaldirektør Eivind Reiten har sendt kommunen.

— Eg oppfattar brevet som ein trussel, men vi let oss ikkje skremme av dette, seier ordførar Arild Ingar Lægreid til Sogn Avis.

Det er bruken av krafta, som blir «til overs» når Søderberg-anlegget blir lagt ned innan 1. januar 2007, som har fått Reiten til å true med at Hydro kan bli lunkne til å bidra til omstilling.

Overskotskraft

Hydro eig dei to store kraftverka Tyin og Fortun i Indre Sogn. Straumen frå desse kraftanlegga blir brukt til å lage aluminium i Årdal.

Dei to kraftverka skulle eigentleg vore tilbakeført til staten i følgjene lovene om heimfall. Men i 1995 inngjekk Hydro og staten ein avtale om at Hydro framleis skal få eige kraftverka. Hydro argumenterte mellom anna med at dette var nødvendig for å kunne modernisere metallverket i Årdal. I avtalen, der eigarskapet blei forlenga i 50 år, går det fram at krafta frå Tyin og Fortun skal brukast til kraftkrevjande verksemd lokalt.

Når Søderberg-hallen blir stengt i Årdal, blir det kraft til overs. Denne energimengda vil Hydro overføre til aluminiumverka på Karmøy og i Sunndal. Aluminiumgiganten har difor søkt Olje- og Energidepartementet om løyve til å kunne omdisponere 130 GWh i året for perioden frå 2007 til 2010. Men det vil ikkje årdølane vere med på. Kommunen har engasjert advokat som alt har vore i kontakt med departementet.

Vår viktigaste ressurs

I brevet til kommunen skriv generaldirektør Reiten at han ser ein fare for at Hydros medverknad til utvikling av nye verksemder i Årdal vil kunne bli seinka, dersom avklaringa om kraftdisponeringa dreg ut i tid. Hydro-toppsjefen ber om eit møte med kommunen, og skriv at selskapet vil sjå sin innsats i omstillinga av Årdal i samanheng med kraftdisponeringa.

— Vi kjem ikkje til å la oss presse på dette. Krafta er vårt viktigaste fortrinn. Som ordførar er det mi oppgåve å ta vare på kommunens interesser. Det må også Hydro kunne respektere, seier ordføraren.

I følgje Sogn Avis hadde formannskapet i kommunen møte på saka veslejulafta. I eit svarbrev som blei utforma på bakgrunn av møtet, skriv kommunen at dei ser det som naturleg at ledig kraft blir nytta nettopp med tanke på ny verksemd i Årdal.