I dag skulle Hydro arrangere ei jubileumsmarkering med talar, hornmusikk, servering, omvisingar og paneldebatt: Konsernets utsende til feiringa skulle vere Aluminium-toppsjef Jon Harald Nilsen.

I går bestemte fem fagforeiningar ved metallverket seg for å boikotte arrangementet, og ber Nilsen om å halde seg heime i Oslo.

— Ikkje velkommen

— Eg trur ikkje at Nilsen er velkommen blant folk i Høyanger. Da måtte han hatt med seg noko verkeleg positivt i bagasjen, seier leiar i Forbundet for ledelse og teknikk (FLT), Oddvin Hovland.

Men industrisamfunnet Høyanger har ikkje vore nemneverdig bortskjemde med gode nyhende frå Hydro sentralt dei siste åra. Tvert imot kjem dagens boikott av jubileumsfeiringa som ein reaksjon på at Hydro tidlegare denne veka bestemte seg for å forsere nedlegginga av den eldste produksjonshallen i Høyanger med eitt år.

Dermed misser rundt 120 tilsette jobben eitt år tidlegare enn hittil rekna med. Tidlegare har Hydro opplyst at nedlegginga av den gamle hallen skulle skje først i 2006, i tråd med pålegg frå SFT.

Difor er ikkje dette tida for å feire Hydro-konsernet med talar, fest og styr, meiner dei fem fagforeiningane.

Resignerte og sinte

Dei arrangerer i staden si eiga, alternative markering. Men ikkje for å feire Hydro.

Det er nemleg også Høyanger-dagar denne helga, og aluminiumsverket i Høyanger er dessutan 90 år i år.

Ifølgje FLT-leiaren er oppslutnaden om boikotten massiv blant dei tilsette ved verket.

— Vi har brei støtte på dette. Folk seier til oss at dei er glad for vedtaket, og at dei ville ha halde seg vekk frå dette jubileumsarrangementet uansett, seier Hovland.

— Korleis er stemninga?

— Folk er resignerte og sinte på same tid. Alle hadde jo belaga seg på at denne omstillinga skulle skje først til neste år. Og dette gjeld ikkje berre dei Hydro-tilsette ved Verket.

Kværner utfører vedlikehaldet ved Høyanger verk, og må no plutseleg redusere med 30 personar eitt år før dei har lagt opp til, seier Hovland. Medan Norsk Kjemisk, som er den største fagforeininga i Høyanger, har ivra for å få inn nye eigarar, har FLT meint at Verket bør drivast vidare under Hydro-paraplyen.

- I eit underleg lys

— Det står vi for framleis, seier Hovland. - Vi kjempar for ei utviding av produksjonen i Høyanger under Hydro-paraplyen. Skal nokon andre ta over, må det vere ein eigar som har noko å vise til innan aluminiumproduksjon. Slike alternativ har vi ikkje sett, seier Hovland.

No planlegg foreiningane si eiga markering, utanfor Hydro-regi og utanfor verkspostane. Dei ventar stor oppslutnad.

Det blir opptog, parolar, faner og appellar - blant andre frå Høyanger-ordførar Kjartan Longva:

— Eg har tidlegare rosa Hydro for deira bidrag til omstilling i Høyanger, men dette vedtaket set heile arbeidet i eit underleg lys, seier Longva.

— Dei kan jo ikkje ha mykje tru på omstillingsarbeidet skal gje resultat, når dei framskundar nedlegginga fordi dei nett no har nokre stillingar andre stader i landet å tilby.

Ifølgje ordføraren er fleire interessante prosjekt på gang, men han meiner at dette Hydro-vedtaket kan øydelegge mykje:

— Den dagen vi har skapt nye arbeidsplassar her, så risikerer vi at det ikkje lenger er tilgang på arbeidskraft. For det er dei unge som må gå først, og som no kan forsvinne herfrå, seier Longva.