— Tilfellet i Canada er ein veldig god illustrasjon på korleis Hydro no tenkjer, meiner Jarle Molde, leiar i samarbeidskomitéen for LO-funksjonærar i Norsk Hydro. Vidare satsingar på aluminium skal skje i utlandet.

— Desse to prosjekta kan ikkje stillast opp mot kvarandre, er svaret frå informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium.

50.000 tonn

Etter at Hydro kjøpte den tyske aluminiumgiganten Vereinte Aluminium-Werke (VAW) har dei blitt medeigarar i aluminiumverket Alouette i Canada. Hydros eigardel er 20 prosent. Styret for Alouette har avgjort å utvide kapasiteten. Hydros del av investeringa er på kring 1,9 milliardar kroner. For dette får konsernet ut 50.000 tonn ekstra aluminium.

I Høyanger vil den planlagte moderniseringa av den gamle Søderberg-produksjonen også gje kring 50.000 tonn ekstra aluminium. Prislappen er 1,3 milliardar. Altså 600 millionar kroner billegare enn i Canada.

Sterke reaksjonar

I fagforeiningsmiljø blir avgjerda om å leggje modernisering i Årdal og Høyanger på is, sett opp mot investeringane Hydro skal gjere i Canada. Reaksjonane har vore sterke på Hydro så klart prioriterer Nord-Amerika, men sit på gjerdet i Sogn.

— Det er trass alt snakk om 600 millionar. Det går an å gjere ein del for så mykje pengar, også i Norge, meiner kjemisk-leiar Billy Fredagsvik i Høyanger.

— Det blir ikkje rett å samanlikne Høyanger-moderniseringa krone for krone med investeringa i Alouette, kommenterer Thomas Knutzen. - Driftskostnadene er ulike etterpå. Vi har langsiktige kraftavtaler. Anlegget blir mellom dei 10-20 prosent mest effektive i verda. I tillegg er det behov for meir metall i Nord-Amerika.

Tene mest mogleg

— Men også i Høyanger har Hydro-leiinga karakterisert moderniseringsprosjekt som godt?

— Isolert sett er det tilfellet. Men når vi no ser framover, må vi byggje ut der vi vil vere mellom dei beste i verda. Og i alle våre prosjekt må vi dessutan leggje inn lågare metallprisar enn før.

Billy Fredagsvik ser Canada-prosjektet som eit klart døme på at Hydro satsar ute, men ikkje i fastlands-Norge:

— Mitt inntrykk er at Hydro vil tene mest mogleg pengar. Det er deira overordna mål. Dei vil ikkje lenger ta omsyn til små lokalsamfunn som Høyanger og Årdal. Moderniserer dei Årdal og Høyanger kan dei kanskje tene 900 millionar. Men kan dei tene ein milliard i utlandet, satsar dei på det.

Forstår Hydro

— Men har ikkje Hydro eit argument når dei forsvarar seg med at drifta etterpå blir billegare og marknaden er betre?

— Jau, og det må norske politikarar ta tak i. Det er ingen tvil om at rammevilkåra for norsk industri er langt dårlegare og enn land vi konkurrerer med. Og det går slett ikkje berre på at vi har høge løner her i landet.

Til Bergens Tidende seier kjemisk-leiaren i Høyanger at det no er bedt om eit møte med stortingsrepresentantane frå fylket.