– Det stemmer at vi har kome fram til ein omforeint avtale, stadfestar informasjonsjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium.

Pakken består av tre hovuddeler, og blir gjort kjent dagen før statsminister Jens Stoltenberg stiller på årsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Fond, tekno og utsetjing

Hydro har allereie signalisert omfattande økonomisk støtte til etableringa av ein ny dørfabrikk i Årdal. Hydro sin del er truleg på meir enn femti millionar kroner. I tillegg inneheld avtalken ytterlegare Hydro-millionar som skal gå til næringsutvikling i lokalsamfunnet, blant anna eit nytt tappeanlegg for kjeldevatnprodusenten Utla Kjeldevatn.

Element nummer to i Hydro-pakken er lovnaden om å bygge ut Hydro sitt eksisterande senter for teknologi i Årdal. Her har Hydro i fleire år utvikla sin spisskompetanse innan elektrolyse (produksjonsprosess for råaluminium) og karbon. Ifølgje Hydro skal selskapet utvikle ein heilt ny generasjon produksjonsteknologi ved det utvida senteret i Årdal.

Den tredje delen i Årdal-pakken går på den eksisterande aluminiumsproduksjonen. Her vil Hysdro søke Statens Forureiningstilsyn (SFT) om å forlenga utsleppsløyve for dei forelda Søderberganlegga, men kanskje endå viktigare: Oppgradering av den meir moderne prebaked-linja. På denne måten vil verket i Årdal bere oppe ein produksjon av råaluminium på 2002-nivå.

Brukar krafta lokalt

Nedstenginga av Søderberganlegga skulle etter SFT-kravet skje innan utgangen av 2006, men kan no bli utsett eit drygt halvår.

– Dette er fordi vi ønskjer å bygge ei bru for våre tilsette som må over i arbeid ved den planlagte Dooria-fabrikken. Det ville vere synd om det vart eit gap på mange månader mellom vår stenging og fram til dei kunne byrje hjå Dooria, seier Knutzen.

Stengiga av Søderberg-teknologien frigjev store mengder elektrisk kraft som årdølene har kravd at Hydro skal bruke lokalt i Årdal. Ifølgje Knutzen treng dei ikkje uroe seg.

– Vi vil auke strømstyrken i det gjenverande anlegget, og til dette kjem vi til å bruke all den lokale krafta og vel så det.

Knutzen meiner Hydro vl oppnå ein produksjonskapasitet på meir enn 200.000 årstonn med det gjenverande anlegget.

– Sett frå Hydro sin ståstad er det aller viktigaste at vi no kan utvikle teknologisenteret vårt, seier Knutzen.

Hydro-pakken skal gokjennast av kommunestyret i Årdal kommande veke.

ÅRDAL: Hydro Aluminium.
SCANPIX