I går blei det kjent at Fundo er konkurs. Bustyret har ein månad på seg til å finne nye eigar, elles er det kroken på døra for 320 tilsette.

Like før klokka sju i kveld fekk bustyrar Håvard Wiker, beskjed om at Hydro ikkje vil levere meir aluminium til Fundo.

– Det er altså Hydro som stoppar Fundo, til trass for at vi har skaffa garantiar frå norges største bank. Viss den avgjerda blir oppretthaldt, blir det ikkje mogleg å få vidare drift på Fundo, sa Wiker til bt.no.

Snuoperasjon samme dag

Seint tirsdag kveld blei det kjent at Hydro likevel vil forsyne Fundo med aliminium. Snuoperasjonen kom etter at fagforeiningane engasjerte seg i saka.

– Vi har gått ein ekstra runde, og har avgjort å ta opp att levering av aluminium dei neste fire vekene mot kontant betaling. Innan den tid må selskapet sannsynleggjere ein plan for vidare drift, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro.

Han fortel at DnB NORs bankgaranti var avgjerande for at leveringa blir teken opp att.

– No får dei det pusterommet dei har bedt om, seier Molland, som forsikrar om at Fundo igjen vil få leveransar så fort det lar seg gjere.

— Null risiko

Bubehandlinga på Fundo blir leia av Knut Ro. I dag var medhjelparane hans, Håvard Wiker og Erik Sandtrø i advokatfirmaet Ro Sommernes, på Fundo. I heile dag har dei prøvd å finne ei løysing.

– Hydro har null risiko, men likevel bestem dei seg for at drifta på Høyanger ikkje skal kunne reddast. Viss ikkje nokon i Hydro besinner seg, så blir dette ei rein konkursavvikling. Dette er skammeleg, sa Wiker tidlegare i dag.

Les også: Vanskeleg for mange familiar

- Har strekt oss langt

Hydro stadfesta først avgjerda.

– Vi har sagt nei til å levere metall frå dags dato. Ovanfor dei gamle eigarane har vi 25 millionar uteståande. Eigarane har hatt mange høve til å gjere opp gjelda, men har ikkje gjort det. Avgjerda er tufta på ei kommersiell vurdering, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro.

Han fortel at dei har strekt seg lengre med Fundo enn dei ville gjort med nokon andre.

– Eigarane av Fundo ville ikkje sjølve løyse problema, og gjekk til skifteretten. Det tek vi no til etterretning, seier Molland.

– Er det noko sjanse for at de vil ombestemme dykk?

– Om det kjem ei langsiktig løysing på bordet, vil det kunne vere grunnlag for å ta opp igjen diskusjonen, men det er ikkje noko vi kan ta stilling til no, seier informasjonsdirektøren.

Eit par timar seinare hadde verksemda altså eit anna syn på saka.

Drift i ein månad

Fundo Wheels i Høyanger har blitt hardt ramma av nedgangen i salet av nye bilar. På lønningsdagen 29. desember hadde ikkje verksemda pengar til å betale dei 220 ansatte. 50-60 personar har vore permittert. På eit informasjonsmøte i går blei det opplyst at banken vil sikre økonomi til nødvendig drift ein måned fram i tid.

Øystein Torheim