TERJE ULVEDAL

Overfor Bergens Tidende stadfestar næringsminister Børge Brende at Norsk Hydro har fått eit nytt bod på Høyangerverket.

Generaldirektør Eivind Reiten orienterte sjølv statsråden om den nye utviklinga. Det skjedde i ein samtale mellom dei to før Brende skulle hatt eit møte med utsendingar frå Høyanger onsdag ettermiddag.

— I Høyanger er realiteten at Hydro no vurderer eit nytt bod på verket, seier Brende.

Nei i april

Mindre enn fire månader etter at forhandlingane mellom det canadiske industrikonsernet og Hydro om sal braut saman, er det altså ny kontakt mellom partane. I slutten av april sa Hydro nei til å selje. Hydroleiinga meinte tingingane ikkje hadde avklara at det ville kome ei modernisering og utviding av verket med Timminco som eigarar. Hydro let det skine relativt klart gjennom at dei meinte Timminco ikkje var sterk nok økonomisk til å ta over og byggje ut i Høyanger. Etter å ha forhandla i meir enn eit halvt år, konkluderte hydroleiinga med at det beste ville vere at dei sjølve heldt fram som eigarar.

Like etter avgjorde styret i Hydro å starte nedstenginga av den eldste og forurensande Søderberghallen alt i haust, eitt år tidlegare enn venta. Når siste omn i C-hallen er sløkt, vil kring 120 tilsette ha mista arbeidet.

Dei to avgjerdene, som altså kom med kort mellomrom, skapte sterke negative reaksjonar i sognebygda. Både leiinga i Høyanger kommune og Kjemisk, den største fagforeininga, hadde jobba for sal. I tillegg fekk høyangersamfunnet eitt år mindre på å omstille seg, og skape nye arbeidsplassar.

Kritikk av Brende

Møtet mellom statsråden og høyangerutsendingane denne veka blei aldri noko av. Flyet sogningane skulle reise med, blei innstilt på grunn av tekniske vanskar. Regjeringas sterke engasjement i Norske Skogs avvikling av Union i Skien låg som eit bakteppe for møtet. Næringsministeren har fått kritikk for at han ikkje har engasjert seg like sterkt i Hydros nedbyggingsplanar i Sogn. Ordførar Kjartan Longva signaliserte før møtet at han ville ha svar frå Brende om han, som i Union-saka, også ville be Hydro selje Høyanger.

Overfor Bergens Tidende signaliserer Brende relativt klart at han neppe vil gje Eivind Reiten tilsvarande råd.

— Møte med utsendingane frå Høyanger blir truleg neste veke, og eg skal svare dei då. Men situasjonen er ein annan i Høyanger enn i Skien. Det er snakk om full nedlegging av Union. Hydro har ingen planar om å leggje ned Høyanger. Dei legg ned Søderberg-produksjonen, men driv den mest moderne hallen vidare, kommenterer Brende.

— Hydro omtaler Høyanger og Årdal som haustingsverk. Lokalt blir dette tolka slik at dei skal drive så lenge det er pengar å tene, men utan store investeringar. Vil ikkje det før eller seinare innebere nedlegging?

— Eg må halde meg til det generaldirektøren i selskapet seier. Dei har ikkje planar om å leggje ned verken i Høyanger eller Årdal, svarar Børge Brende.