Bak rapporten står Hydros eigen tryggleiksjef Siri Mollatt. Ho teiknar eit breitt, alvorleg trugselbilete — og kjem med ei mengd råd om korleis Hydro-toppane bør verne seg når dei besøker plassar som Høyanger og Årdal.

Allereie førstkommande torsdag skal konsernleiinga - med generaldirektør Eivind Reiten i spissen - besøke nettopp Høyanger og Årdal.

Mange trugslar

Som kjent har Hydro bestemt å ikkje modernisere alu-verka på dei to industristadene i Sogn.

Overfor Bergens Tidende kalla Hydro i går rapporten for «generelle vurderingar», og nektar for at dei ser noko trugselbilete i Høyanger eller Årdal. Dette trass i at dei kommande besøka til industristadene i Sogn er spesifikt nemnd fleire stader, og Hydro-toppane får direkte råd om korleis dei bør verne seg når dei er på dei to plassane.

Rapporten fortel vidare kven som kan tenkast å utgjere ein fare for sjefane.

Reaksjonar kan forventast frå eigne tilsette - i Årdal og Høyanger, heiter det.

Andre som kan reagere er lokalbefolkninga i Årdal og Høyanger, heiter det.

Sitat: « I sin fortvilelse gjør de handli n ger de vanligvis ikke ville funnet på å gjøre. Noen vil hevne seg». Til slutt nemner rapporten sympatisørar frå andre Hydro-stader, pluss organisasjonar eller interessegrupper som mogelege risikoelement.

I Hydros toppleiing blir generaldirektør Eivind Reiten og styreleiar Egil Myklebust utpeikt som dei mest utsette måla for lokal terror eller trakassering. Vidare personaldirektør Alexandra Bech Gjørv og konserndirektør for aluminium, Jon-Harald Nilsen. Deretter leiinga i aluminiumsdivisjonen, Truls Gautesen og Svein Richard Brandtzæg.

Til slutt på denne lista nemner rapporten den lokale leiinga og tillitsvalde, og prosjektgruppa Alu Improver.

I forkant av besøket til Høyanger og Årdal denne veka skal blant anna lensmennene begge stader kontaktast av tryggleiksjef Siri Mollatt. Ho skal også ha kontakt med dei interne tryggingssjefane i Hydro, og be dei vere førebudd på naudløysingar.

Rapporten gir også detaljerte råd om korleis toppleiinga bør oppføre seg, både i kvardagen og under besøk i Høyanger og Årdal.

- Ingen spesielle tiltak

Rapporten fortel også kva tryggleikstiltak dei kan gjennomføre privat. Her blir dei - mellom anna - frårådd å late barna opne posten, eventuelt late tryggleiksfolk gjennomlyse den. Inngangsdøra skal vere låst.

Vidare gir rapporten råd om dokument- og datatryggleik, så som kryptering av epost og datadisk.

På arbeidsplassen i Årdal og Høyanger skal sjefar, kollegar og helsepersonell vere på vakt overfor tilsette med såkalla «unormalt reaksjonsmønster».

Vidare fortel den 16 sider lange rapporten korleis tryggleikstiltaka skal eskalerast dersom situasjonen tilspissar seg.

Overfor Bergens Tidende hevdar Hydro at det er tale om generelle tryggleikstiltak, og informasjonsdirektør Tor Steinum understrekar sterkt at rapporten konkluderer med at det ikkje er behov for særskilde tiltak i Årdal eller Høyanger.

Da Bergens Tidende kontakta han måndag kunne han opplyse at konsernet aldri kommenterer eventuelle trugselbilete overfor leiinga.

— Men vi ser ikkje at nokon av våre prosjekt kan gje grunnlag for noko slikt, seier Steinum, og bad om ein time til å undersøke saka. Da han ringer tilbake hevdar han at det berre er tale om generelle vurderingar og tiltak, bitvis henta frå vanlege beredskapsplanar.

Hydro la ned magnesiumproduksjonen på Herøya for eit par år sidan. Det vekte sterke reaksjonar at Eivind Reiten hadde Securitas-vakthald i ryggen da han møtte dei tilsette.

Noko tilsvarande er ifølgje Steinum ikkje planlagt ved besøket i Årdal eller Høyanger.

— Vi meiner at det ikkje er trong for spesielle tiltak ved besøka denne veka, hevdar Steinum.

Dette trass i at rapporten - som er datert 6. oktober i år - altså spesifikt diskuterer trugselbiletet som befolkning og tilsette ved dei nedleggingstruga bedriftene i Høyanger og Årdal kan representere for sjefane i konsernet.