Høyanger

I industribygda ved Sognefjorden er 1. mai framleis ein festdag, jamstilt med nasjonaldagen. Knapt ei flaggstong står naken. Ei rekkje arrangement er spreidde frå tidleg morgon til langt på dag. Under parolar som gjekk frå det lokale «Bygg ny elektrolysehall», via det nasjonale «Stopp angrepa på lærarane sine faglege rettar» og til det internasjonale med støtte til fagrørsla i Colombia, samla hundrevis seg på torget til hovudarrangement i går ettermiddag.

Der fekk dei høyre ein hovudtalar som gjekk i strupen på Eivind Reiten og Norsk Hydro.

«Kinesisk Hydro»

— Det er ein samanheng mellom kravet om modernisering av aluminiumverket og kamp mot drap på fagorganiserte i Colombia. Det ser vi klart når Hydro flyttar arbeidsplassar til land utan frie fagforeiningar. Norsk Hydro flyttar arbeidsplassar til Kina i ein utstrekning som gjer at vi snart kan kalle dei «Kinesisk Hydro». Kvifor flyttar dei ikkje til land der dei vil få dei same økonomiske vilkåra, men der det lov å organisere seg, spurde professoren og gav svaret sjølv ved å karakterisere selskapet som fagforeiningsknusar.

I talen etterlyste han ein politisk debatt om korleis arbeidarar skal ha det i land der multinasjonale selskap etablerer seg.

— Vi har heftige debattar om etisk bruk av oljemilliardane våre. Men kva er skilnaden på oljepengane våre og selskapa våre, spurde ein retorisk Aarebrot.

Klart signal

Aarebrot meiner regjeringa no må gje Hydro eit krystallklart signal om at staten er eigar i selskapet og at dei vil bruke denne eigarskapen.

— I Brussel har Hydro betalt dyre lobbyistar for å tale sitt eige land og sine eigne eigarar mot i saka om heimfallsrett. Det finst eit ord for slikt. Eg skal ikkje bruke det, men eg trur nok alle her veit kva ord eg tenkjer på. Vi som har stemt fram denne regjeringa har lov å vente at Hydro får eit kraftig signal frå sine eigarar. Vi har lov å vente at denne regjeringa skal tenkje meir samfunnsøkonomisk enn privatøkonomisk, sa Aarebrot. Han nærast harselerte over Hydro-direktør Eivind Reiten som vil at Hydro skal fungere utan at majoritetseigaren skal ha noko å seie.

— Kva ville Hydro vore utan at samfunnet gav dei subsidiert kraft etter krigen? Kva ville Hydro vore utan at samfunnet hadde gitt dei lov til å sleppe til i Nordsjøen. Det er samfunnet som har skapt Hydro. Vi har lov å vente noko att. Hydro må få beskjed om at det er payback-time, sa Aarebrot.