Dei klare signala som blei gitt frå toppleiinga i Hydro Aluminium i går ettermiddag, set heile moderniseringa av dei to aluminiumverka i Sogn i fare. Avgjerda kan innebere at hallane der det blir produsert aluminium med gammal teknologi, kan bli lagt ned utan å bli erstatta av meir moderne produksjonsmetodar.

Ingen lysning

— Det ser i alle fall ikkje lysare ut enn det har gjort, er Høyanger-ordførar Kjartan Longvas lakoniske kommentar etter møtet der Hydro informerte om strategiane. Hans kollega i Årdal, Arild Ingar Lægreid er ikkje meir optimistisk:

— Modernisering av aluminiumverket er sak nummer ein for årdalssamfunnet. Det er ikkje tvil om at vi har ein stor jobb framfor oss, ikkje minst overfor det politiske miljøet, kommenterer Lægreid.

Siste frist i 2007

Både i Høyanger og Årdal produserer Hydro aluminium med den såkalla Søderberg-teknologien. Dette er ein gammal og sterkt ureinande produksjonsmetode. Hydros konsesjon for å drive Søderberganlegga dei to plassane går ut 1. januar 2007, og miljøstyremaktene har gjort det klinkande klart at industrikonsernet ikkje får forlenga konsesjonen. Dersom Søderberg-hallane blir fasa ut utan å bli erstatta av moderne produksjon, vil kring 400 arbeidsplassar gå tapt på dei to einsidige industristadane.

Når det no går mot full stopp i moderniseringsarbeidet til 2005, betyr det at Hydro kan kome i tidsnaud for å få erstatte Søderberg-anlegga med meir moderne produksjon innan deadline to år seinare. Berre i Høyanger er byggjetida på ein ny hall til kring ein milliard kroner sett til 18 månader. Og framleis er ikkje planlegginga ferdig. Ei så stor utbygging kan også krevje konsekvensutgreiing, i så fall ein omfattande prosess som vil ta lang tid.

Vanskeleg å byggje nytt

Dei to ordførarane som i går ettermiddag møtte toppsjef Jon Harald Nilsen og resten av leiinga i aluminiumdivisjonen i Norsk Hydro, gjev begge overfor Bergens Tidende klart uttrykk for at dei i alle fall ikkje blei meir optimistiske. På møtet brukte Hydro-leiinga lang tid på å forklare at dei ser det som vanskeleg å investere i Norge i dagens situasjon. Både negativ utvikling i aluminiumprisane, det høge rentenivået og den sterke norske krona blei sterkt vektlagt av Hydro-leiinga.

— Men for oss er det berre å brette opp armane og jobbe vidare. Det vi har fått presentert er ein strategi som gjeld i dag. Det er klart at mykje kan endre seg på to år. Og styret har ikkje gjort noko vedtak, understrekar Arild Ingar Lægreid.