— Stian reagerte kraftig på måten forsvarar Ivar Blikra dreiv si utspørring på, og tykte det var aldeles fælt. Sjølv synest også eg at advokat Ivar Blikra absolutt gjekk over streken. Men han har jo ein klient å forsvare.

Dette seier dekan Eva Marie Halvorsen ved sjukepleiehøgskulen i Førde, etter sjølv å ha følgt første dag av rettsforhandlingane. Halvorsen meiner forsvararen går for langt i å mistenkeleggjere Henriksen i arbeidet med å så tvil rundt skuldingane mot den 42-år gamle tiltalte.

- Har skuldkjensle

— Stian syntest det var svært tøft, og fekk nye og uventa ting kasta mot seg i vitneboksen. Også mange av medelevane som følgjer saka, tykte dette var over streken, seier Halvorsen.

Stian Henriksen budde i same hybelkollektivet som Anne Slåtten, og skal ha høyrt henne dusje og gå på jobb litt før klokka sju drapsmorgonen.

Han skulle sjølv kjøre på jobb på sjukehuset like etter, og forklarte at han har hatt skuldkjensle etter det som skjedde.

— Da eg høyrde at ho gjekk i ytterdøra, vurderte eg å tilby henne å kjøre med meg. Men uheldigvis gjorde eg ikkje det, og det er her skuldkjensla kjem inn, sa Henriksen i si vitneforklaring.

— Egoistisk som eg var, valde eg å drikke opp kaffien min i staden.

— Har dette plaga deg? spurde aktor.

— Ja, fordi Anne skulle på jobb og vart drepen på vegen. Hadde eg kjørt henne, hadde ikkje det skjedd.

- Hadde hanskar

Forsvarar Ivar Blikra pressa Henriksen på ei rekke punkt. Blant anna fekk studenten spørsmål om han hadde hanskar på seg da han kom til sjukehuset drapsmorgonen.

Dette nekta Henriksen kategorisk for, sjølv om det ifølgje ein politirapport finst overvåkingsbilde frå sjukehuset som syner det motsette. Desse vil truleg bli lagt fram for retten.

I tillegg vart Henriksen pressa på kvifor han hadde skifta bil kort etter drapet.

Forsvarar Ivar Blikra vil overfor Bergens Tidende ikkje utdjupe kva strategi som ligg bak utspørjinga.

— Det er ikkje mi oppgåve å stå i retten og peike ut andre skuldige, men eg må få påpeike det som er påfallande ved vitneforklaringane, seier forsvararen.

Stian Henriksen var svært prega etter utspørringa. For andre gong sidan drapet føler han seg utpeika som muleg drapsmann.

— Da pressa kom til Førde like etter drapet, gjorde dei meg til ein potensiell drapsmann.

Mediekjøret blei så gale at Henriksen gjekk i dekning og skaffa seg hemmeleg telefonnummer.

Sår tvil om polititeoriar

Blikra stilte ei rekkje spørsmål ved politiets teoriar, blant anna ved om det er sikkert at Slåtten vart drepen der ho vart funnen. Han la også vekt på at ingen kan seie sikkert at den tiltalte 42-åringen faktisk har vore på funnstaden. Blikra spurde vidare om det kan seiast sikkert korleis Anne Slåtten døydde, og vidare om ho faktisk gjekk heimefrå og fram til staden der ho vart funnen.

FERDIG I VITNEBOKSEN: Stian Henriksen var hybelnabo til Anne Slåtten, og er truleg viktigaste vitne for aktoratet. I går opplevde han seg mistenkeleggjort for andre gang i saka.<p/>TEIKNING: GRO VIK