— Konsekvensane er store og me har tunge dagar, det er berre å innrømma, seier dagleg leiar Gro Valvatne på Jentespranget.

Torsdag kveld brann låven ned til grunnen.

— Dermed vert hestane spreidde for alle vindar. Det er frykteleg synd. Ikkje alle bebuarane våre er klare for skulegang, og samværet med hestane har dermed vore ein viktig del av aktiviteten vår, seier Valvatne.

- Skal reisa oss

Ho understrekar likevel at det er viktig å sjå framover, og prøva å gjera det beste ut av situasjonen. Og låven - den skal byggjast opp att.

— Me er forsikra, så det går bra. Men akkurat no er det litt kaotisk her. Me skal reisa oss, sjølv om det kan ta litt tid, seier Valvatne.

Fredag stadfesta operasjonsleiar Harald Myklebust ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt at éin av bebuarane på institusjonen, ei 17 år gammal jente frå Rogaland, var sikta for brannstifting.

— Me vil avhøyra ho ved første høve, sa Myklebust i går.

Gro Valvatne ønskjer ikkje å kommentera desse omstenda.

Privat

Jentespranget er ein privat barnevernsinstitusjon som berre tek imot jenter. Den vart stifta i 2001 og har 22 tilsette på rundt 16 årsverk.

Då brannen braut ut hadde institusjonen to fastbuande jenter.

Det er ikkje meldt om personskade som følgje av brannen. Heller ingen av hestane skal ha kome til skade.