Ein time fram om våren, ein time tilbake om hausten. Slik har det vore kvart år, etter at kongeriket Norge gjeninnførte sommartida i 1980. Kva vitsen er? Å utnytte dei lyse timane betre, både arbeids— og helsemessig. Det er derfor vi stiller klokka fram om våren, slik dei fleste europearane gjer. Men om hausten må vi ta igjen det tapte.

- Meir lys

Ikkje alle synest at dette er like lurt. Sommartid heile året, meiner fleire er resepten.

Fred Holsten, som er professor i psykiatri i Bergen, er blant dei som trur det er best.

— Om sommaren står folk tidlegare opp, og får meir lys. Det kunne dei like gjerne gjere om vinteren også, så fekk folk litt meir lys når dei kjem heim om kvelden. Etter mi meining hadde det vore veldig bra for det store fleirtalet, sa Holsten til BT då klokka skulle stillast tilbake forrige haust.

TEGNING: GRO VIK