I STADEN FOR VERN MOT VIND og vær, er realiteten i dag at huset er redusert til kjøp og konsum. På Vestlandet er røyndommen vind og vær, lågtrykk og høgtrykk, høgt og lågt landskap, bratt lende og litt flatt. Men«reality», kvardagen si enkle oppskrift, er typehuset etter katalogen sitt gamle og enkle motto: – Fint vær, fint vær, hus i kvar typebusk. Kven bryr seg vel om vinteren, når energi og oppvarming er å finna i ein brytar på innerveggen.

Det er berre interiørarkitekten som kan ha slikt høve til røyndomen. Men byggmeistrane ved skriveborda tenkjer òg slik. Den einaste kontakten dei har med verda utanfor er telefonkontakten.

ÅSANE BYDEL VART UTBYGT SLIK, utan å bruka kunnskapen frå forsking og allmenne erfaringar. Den nyaste bydelen fekk det verste byklima, nest etter Mindemyrane. Sjå den kommunale forskingsrapporten frå midten av 90-talet, utarbeidd av prof. Kåre Utaaker ved Universitetet. For Åsane viste det eit resultat som var spådd vel 20 år tidlegare, med ei gransking før utbygginga. Det vart påvist ein 50 meter djup kaldluftsjø over Åsamyrane, og publisert m.a. gjennom dagsavisene. I denne kartlagde, lukka, kaldluftsjøen vart den tyngste utbygginga plassert, senterfunksjonane, industri og andre arbeidsplassar, institusjonar og skular. All forureining vert samla og sjølvforsterka i kaldlufta når denne fyller bassenget. UTANFOR BYEN, I OPE LENDE, lagar ein seg klimatiske problem på andre måtar, særleg med avkjølinga på åsryggar og høgdedrag. Plassering i terrenget vert ofte gjort utan omsyn til vind og drev, og utan omsyn til landskapet sjølv. Berg og ås er bortsprengt, skog snauhogd, og lokalklimaet forringa. Hus får ikkje ly, men står og demonstrerer uforstand. Konsekvens og kostnad må huskjøparen bæra. Det går utover både helsa og pengepungen. Kommunane godkjenner byggefelt etter byggefelt, eit feil mønster er lagt. Dette har forkasta all nedarva kunnskap og utformingstradisjon. I staden for vern om helsa og betre luft inne, har me fått dobla tal på astma— og allergiplager på ein generasjon.

I DAG PÅ NORGES BYGGFORSKNING, i Oslo, er instituttet Mycoteam det viktigaste. (Vestlandsavdelinga, Bergen, er nedlagt.) Mycteam arbeidar med inneklimaet, registrerar og forskar i hussopp. Her har me den største plaga og problemet i hus i dag. Innelufta er på mange måtar vorte dårlegare, pga. sopp, mugg og støv. Utviklinga av byggteknologien har gitt tettare hus, og velstanden kravd meir oppvarming. Den naturlege ventilasjonen er borte. Me har fått meir kontroll over trekk og varmelekkasje, men inneklimaet er likevel ute av kontroll.

HER SKULLE ME HATT BETRE PLASS til å beskriva dagens positive mottrekk. Alle folk er nemleg ikkje sløve, at dei berre aksepterer. Det finst folk som alvorleg er opptekne av dei livsvilkåra som dei skapar for livet sitt, og kva vilkår ungane skal få veksa opp under. Det gjeld helsevilkåra i huset, at det ikkje er bygt med giftige materiale, at dei får rein luft, og at oppvarminga er med berekraftig energi. Dei spør oss om råd. Dei spør etter gjennomtenkte løysingar, og konsekvent kontroll av alt som vert teke inn, eller bygt inn, i huset sitt. Dette gjeld både bustadhuset og forretningsbygget, både det private det offentlege. I staden for å byggja samfunn, er huset redusert til privat eigedom med fokus på juss og teknisk regulering.

I STADEN FOR Å BYGGJA PÅ ERFARING, er huset vorte ei vare som kan kjøpast. Dette vert heile tida offentleg stadfesta, gjennom forbruksrettleiing og forbruksrettssaker. Det gjeld då varefeil, og å gjera om handelen. Det mest synlege vert tvistesakene, ikkje huset. I staden for erfaring med huset vert det spørsmål om å ha rett eller gale, juridisk. Og me får ein skeiv vinkel på problemstillinga. I staden for kunnskap og utvikling av huset, har «reality» gitt oss tolkingar av juridiske paragrafar og kunden sin rett i vareleveranse og -reklamasjon. Det vert snakk om teknisk juridiske normer, ikkje om det innfløkte som berre kan løysast gjennom skapande arbeid. I staden for å byggja, å setja mange ting og ulike løysingar saman, har «reality» ført oss inn i ei destruktiv dissekering av problema. Slik vert forbruksloven viktigare enn naturlovene. Huset i «reality» er av papir, – røyndomen vert vanskeleg å gjera noko med. Huset vert eit kjøp, ikkje eit vern. Huseigaren kjøper seg plass i samfunnet, og huset skal visa eigaren.

HUSET SOM KONSUMVARE skal visa seg i det offentlege rommet. Med vara kjøper du deg plass i samfunnet. Og vara kan fortelja kven du er, eller rettare kven du vil sjå ut som du er. Husbygginga vert med dette ei ganske innfløkt sak for juss og gissing. Samstundes som det skal vera rett i juridisk forstand, skal det sjå rett ut i samfunnet. Ikkje så merkeleg at me har fått både rollespel og konstruerte samlivsreportasjar. Men dette er berre erstatning for den vanskeleg røyndomen: – å byggja og skapa eit samfunn. Å kjøpa ei ferdig løysing er lettare, – om enn kunstig, forenkla, grunn og upåliteleg. I staden for eit felles landskap, vert felles rekreasjon lagt ut til privat kjøp, kommunalteknisk regulert og oppstykka.

I LANDSKAPET FANN EIN DET FØRSTE vernet mot klimapåkjenningane, det var ein felles ressurs på mange måtar. Frå historisk tid er omgrepet «allmenning» eit uttrykk for ein demokratisk innstilling til dette, allemannsretten. Det var vilkåret for overleving, for alle. I dag då huset er eit kjøpeobjekt, er synet endra frå å leva til å kjøpa, frå å ha eit liv til å ha ein ting, – å konsumera. Landskapet, fellesgodet, til rekreasjon for kropp og sjel og auga, er partert og selt ut. Og den kommunaltekniske reguleringa gir varekjøpet ditt ein utstillingsplass.

ME HAR ERFARING FRÅ 4500 ÅRS bygging på Vestlandet, men formidlinga reduserar det til antikvitetar, framstillingsestetikken skjuler erfaringane. Kunnskap og erfaring om korleis ein har fått til hus og overleving, har ei stor kjelde i bygningshistoria. Men i praksis har mykje kunnskap gått i gløymeboka. Grunnane er mange. I denne samanhengen gjeld det forskinga og formidlinga, der faget har svikta oss. Rett nok, det vert gjort eit stort og viktig arbeid for å ta vare på vår historiske arv. Likevel, røynslene frå historia vert lite viste. Huset vert vist som ting og bilete (– og hjarto svulmar). Formidlinga gjer dei til museumsobjekt, som pynt på peishylla. Kunnskapen vert avkorta, me ser ikkje vinden og væta, vernet og luftinga. Hus og bruksting vert så vakkert framstilt at problemstillingane er borte. Det vakre biletet vert nemleg forstyrra når ein teiknar inn hovudvindretninga, kaldlufta, den rå lufta, frysing og tining, væting og velsigna tørking. Så mange flotte bokverk – og så missleiande! Det er som det antikvariske berre får verdi gjennom å sjå vakkert ut. Kravet om estetisk bokgrafikk legg erfaringa daud, og formidlar noko heilt anna. Gje oss heller dei slitne veggene og dei rotna fjølene, og me kan få vita kor været tar, og korleis me skal få god luft inne. – Kunnskapen sit i veggen og fortel ikkje berre om si tid, men om vilkåra. Bygningsforma er både tolking av tilværet og døme på korleis folk då kunne overleva. Men det er ein taus kunnskap.

ARKITEKTSKULE – Å verta arkitekt gjeld å læra å sjå røyndommen. Forskinga gjeld å klargjera dette. I praktisk filosofi seier ein: – Du kan ikkje læra å stå på ski gjennom å lesa ei instruksjonsbok. Slik er det òg med hus. Arkitekten må vera aktiv medansvarleg. Kva er forskinga i dette? Svar: – Det er prøving og feiling. Det må vera tillate å gjera feil, men utillateleg å ikkje retta på feila. Forskinga gjeld å finna det gyldige, og å avdekka det falske uttrykket.

SVEIN HATLØY