Det er onsdag føremiddag i fosterfamilien. Huset er prega av at alt ikkje var ved det vanlege sist helg. Far og mor var på fosterheimsamling i Ulvik. Då dei kom heim søndag kveld forsto dei straks at det ikkje vart nokon skuledag på eldstemann måndag. Barnet er heime frå skulen heile veka for å ta seg inn att.

Den mellomste var til psykologen ein tur på tysdag, og har difor trong for ein dag fri frå barnehagen etterpå. Yngstemann starta dagen på helsestasjonen og blei med heim att for å ta livet med ro.

No er alle tre på romma sine. Dei har pause. Som er noko positivt for ungane, noko dei kjenner dei har bruk for. Når det skjer noko uvanleg eller inntrykka vert for mange, blir dei så slitne. Ein klagar seg for vondt i magen, ein blir lilla på øyrene, ein annan fortel at ho er så sliten i hovudet.

Når dei er heime, har dei vanlegvis pause etter to timar med aktivitet. Pausen inneber at dei leikar kvar for seg på romma sine.

Fleire av borna i huset er russkada.

Fosterforeldra har lagt opp livet sitt deretter. Her blir dagane nøye planlagt og er det snakk om at det skal skje noko spesielt i barnehagen eller etter skuletid, må det vurderast nøye om barnet skal delta eller ikkje.

— Slike aktivitetar er viktige for det sosiale livet til borna, men vi må vera selektive, og ofte er det snakk om enten ein aktivitet eller lekselesing. Barnet har ikkje krefter til begge deler same dagen, fortel fostermor. Eldstemann hadde fleire ekstrapostar på programmet sist veke som nok også har vore med på å slå han ut.

Heimearbeidande

Etter at dei fekk tredje fosterbarnet, er begge fosterforeldra heimearbeidande på heiltid. Og dei er begge innstilte på å opna heimen for endå eit fosterbarn om dei blir bedne om det.

— Men det må vera eit barn med russkader. Det er dei borna vi kjenner best til og det er born med slike behov vi har innretta oss etter. Vi ville ha fleire born for at dei kan vera fleire som kan dela skjebne når dei blir eldre.

Klokka er snart tolv og tre glade born kjem inn i stova. Pausen er over, det er tid for føremiddagsmat. Alle finn sine faste plassar rundt kjøkenbordet.

Mange russkada born kjenner ikkje når dei er svoltne eller når magen er mett. Foreldra må regulera matinntaket.

Bursdag

Eit av borna har snart bursdag. Men det blir det ikkje snakka om i heimen før dagen er der.

— Går dei og ventar på ein bursdag eler ei reise blir dei søvnlause og utslitne. 17. mai kan dei ikkje unngå å høyra om på førehand, og det er alltid ein slitsam dag for oss med mykje stress og grining. På julafta er det mykje på same måten, sjølv om me startar juleførebuingane i det små 1. desember, seier fostermor.

To av borna blir litt urolege ved bordet og blir forsiktig sette på plass av foreldra.

— Utanforståande vil sikkert oppleva oss som svært strenge foreldre fordi vi er svært raske med å gripa inn overfor ungane om vi anar at det kan vera bråk på gang. Men vi gjer det for å spara dei og oss og andre omkring oss for eit raserianfall.

— Vi ser tidleg teikna på at noko er på gang, og vi veit at desse borna treng svært klare meldingar og absolutt konsekvens. Gjer vi eit unntak frå regelen er vi garanterte mykje styr etterpå, seier fostermor.

Hjelp til avlastning

Fosterfaren er bekymra fordi det er ei kjent sak at russkada born har problem med å halda på vener. Han er oppteken av at skuleåra hennar må bli best mogeleg. Både han og fostermora er førebudde på at borna deira kan koma til å møta mange vanskar i tenåra.

— Men vi kan ikkje byrja å bekymra oss for dette no, seier dei.

Det barnet som går på skulen har assistent, dei som går i barnehage har støttepedagogar. Foreldra får lite hjelp til avlastning. Dei deler opp dagane seg imellom, slik at dei får litt pusterom. Innimellom unner ein av dei seg ein heil fridag, etter tur.

— Klart vi blir slitne, sinte og frustrerte. Då hjelper det oss begge to å jobba intenst med noko, eg vaskar og ryddar, han går i kjellaren, seier fostermor.

Dei har kjøpt hytte for å kunna ta eit av borna med seg vekk frå heimen nokre dagar når det er behov for eit ekstra roleg liv. Dei tre borna takkar svært pent for maten. Dei vil opp att på romma for å leika saman.

Vi kan ikkje sjå at dette er russkada born. Det er litt av problemet deira.

— Dei ser ut som andre, den elste er dessutan språksterk. Hadde det vist utanpå dei at dei hadde spesiell behov, ville det nok vore enklare i somme situasjonar, seier forsterforeldra.