Eit oppslag på kjellardøra i forretningsbygget kunngjorde tysdag at huseigaren hadde stengt klubben.

— Det har vore heilt ukjent for oss at det var etablert ein klubb der. Det står heilt klinkande klart i leigekontrakten at alle endringar i lokala skal varslast til huseigar, seier Odd Fondevik, driftsleiar i FAV Gruppen AS, som står for utleiga av lokala. Selskapet eig Veidung Energi AS, som er innehavar av Gravdalsveien 11.

— Vi leigde ut kjellaren til Positiv Fritid Bergen AS i mars. Vi trudde det var ein motorsykkelklubb som skulle inn der. Vi har tidlegare leigd ut til andre MC-klubbar, og aldri hatt trøbbel med dei, seier Fondevik.

Han prøvde å kome i kontakt med kontaktpersonen sin i Positiv Fritid Bergen AS, utan å lykkast.

— Nå skal dei ut, det er heilt klart, seier Fondevik.

Politiet vil ikkje seie kva dei gjer med sexklubben, eller mennene som står bak.

— Vi har hatt kjennskap til at klubben har vore i drift ei stund. Kva politiet gjer, vil eg ikkje gå nærare inn på, seier politistasjonssjef Bernt Adler Solberg ved Bergen Sentrum politistasjon til bt.no.

<b>FRONTFIGURAR:</b> Både Ronny Lauritsen (t.h.) og Ronny Landro var på plass under <a href="http://bt.no/lokalt/bergen/article247219">festen på Laksevåg</a>, både framom og bak bardisken. I sommar presenterte dei for første gong planane om ein erotisk klubb i Bergen - den gongen i Fana.