PER MARIFJÆREN

Den 59 år gamle nordfjordingen må ha angra bittert på at han underteikna salskontrakten med den kvinnelege kjøparen ein maidag i 1997. Så bittert at han kasta fram påstandar som han enno strir med i dag, nærare sju år seinare.

Les den utrulege historia om ein mann som tviheld på sitt gjennom heile rettssystemet, og som no får saka tilbake som ein boomerang.

Politimelding

Som første steg hevda mannen at han aldri hadde underteikna noko kontrakt om å selje huset, og at den kvinnelege kjøparen såleis hadde forfalska underskrifta hans. Dermed politimelde han dama for dokumentfalsk.

Men politiet la bort saka som «intet straffbart forhold bevist». Kvinna ville på si side ikkje finne seg i dette, og gjekk deretter til motmelding av mannen. Også denne saka la politiet bort — men med den noko mindre bastante grunngjevinga «etter bevisets stilling».

Likevel ville mannen slett ikkje gje seg, og tok ut eit sivilt søksmål der han skulda kvinna for å ha forfalska underskrifta hans på kontrakten.

Dette skulle bli starten på ein lang og tung veg gjennom rettssystemet for den 59-årige huseigaren.

Gjekk til sak

I dag har han lagt bak seg to tapte rettssaker og meir enn 175.000 kroner i advokatrekningar og andre sakskostnader.

Han har hevda at kjøparen har forfalska underskrifta på salskontrakten, vidare at det aldri var gjort nokon avtale om huskjøp. På toppen kravde han 52.000 kroner i tapte leigeinntekter frå huskjøparen, som hadde budd i huset nokre månader etter at kontrakten var underteikna.

Desse påstandane gjekk han til dåverande Nordfjord heradsrett med våren 2000.

Og tapte på alle punkt. Retten brukte tre skriftekspertar, mellom anna frå Kripos og ein engelsk skriftekspert, som alle konkluderte med at underskrifta på kontrakten var ekte.

Den same konklusjonen trakk retten, som uttala med at « (...) det framstår som helt på det reine at NNs underskrift på kjøpekontrakten er ekte.»

Dommarane meinte at mannen sjølv hadde skrive under på kontrakten under eit møte med den kvinnelege kjøparen, akkurat slik som ho forklarte i retten.

Store sakskostnader

I mellomtida var kjøparen, ei mor med fire barn, blitt så lei av heile saka at ho flytta ut av huset og gav det tilbake til 59-åringen. Dette skjedde etter at han hadde nekta å skøyte huset formelt over på henne. Prisen skulle ifølgje kontrakten ha vore 700.000 kroner.

Etter nederlaget i den første rettssaka måtte mannen dekke motpartens sakskostnader på nær 50.000 kroner, pluss salæret til sin eigen advokat på 92.000 kroner.

Men den standhaftige nordfjordingen gav seg likevel ikkje med dette. Han hevda hardnakka at underskrifta hans var forfalska, og anka saka inn for Gulating lagmannsrett. Han heldt oppe kravet om 52.000 kroner for leigeinntektene han påstod å ha tapt.

I april 2001 starta ankesaka, der han stilte med ein forretningsførar som prosessfullmektig.

Risikerer

Og det gjekk ikkje betre denne gongen.

Lagmannsretten fann ikkje ein gong grunn til å fullføre rettsforhandlingane, og avskar vidare bevisføring etter partane sine innleiingsføredrag fordi dei tre lagdommarane meinte saka var opplagt.

Lagmannsretten fann ikkje grunn til å rokke ved eitt komma i heradsrettdommen, og slo på nytt fast at det var saksøkaren sjølv som skreiv under kontrakten.

Resultatet vart at 59-åringen på nytt måtte dekke motpartens sakskostnader, denne gongen på drygt 34.000 kroner. Kor store hans eigne utgifter til denne rettsrunden var, framgår ikkje av dommen.

Her kunne heile affæren vore avslutta, om ikkje dommaren i Nordfjord heradsrett hadde reagert.

Han meiner 59-åringens påstandar - altså at den kvinnelege kjøparen skulle ha forfalska underskrifta på kontrakten - er så grove at det ikkje kan passere. Dermed politimelde han mannen for falsk forklaring i retten.

Og no har statsadvokaten tiltalt 59-åringen for falsk forklaring, både overfor politiet og under eid i Nordfjord tingrett.

Tiltalevedtaket har ei strafferamme på inntil to års fengsel, og den tiltalte 59-åringen må møte for Fjordane tingrett 8. februar 2005.