HANNE STEDJE

– Klart det er bittert. Eg gledde meg stort til å flytte inn i min heilt eigen bustad. No veit eg ikkje heilt korleis det blir framover, men eg reknar med eg må bu heime hjå mor og far ei god stund til, seier Kvam, som sist onsdag skreiv under kjøpekontrakt på leilegheita i Uravegen 4 i Øvre Årdal.

Lang jakt

Den 25 år gamle industriarbeidaren hadde lenge vore på jakt etter eigen bustad og gjekk i gang med å gjere toromsleilegheita klar for renovering same ettermiddag som han fekk nøkkelen.

– Det var absolutt trong for oppussing, men eg hadde vel ikkje rekna med at eg skulle få så god hjelp til rivinga, seier han med eit aldri så lite snev av galgenhumor.

Natt til laurdag braut det nemleg ut brann i blokka, og dermed må Kvam konstatere at renoveringsarbeidet no ser ut til å bli langt meir omfattande enn planlagd.

– Kjøpet er heller ikkje heilt formalisert enno, utover at eg har underteikna kontrakten, så i staden blir det nok ein del papirarbeid og forsikringsoppgjer å styre med før eg kjem så langt, seier han.

Han låg heime hjå foreldra og sov då han fekk melding om brannen, og var såleis ikkje mellom dei 22 som vart eva-kuert.

Likevel er Kvam glad for at han aldri nådde lenger enn til å rive kjøkkenet, for frustrasjonen hadde nok vore langt større om det var ein nyoppussa leilegheit som gjekk tapt i den eksplosive brannen, som herja i over to timar før bered-skapen endeleg fekk kontroll.

For naboen Tom-Nicklas Sand (21) er det nett det som er tilfellet. Han kjøpte leilegheit i blokka, som på folkemunne i Årdal går under namnet Lyckliga Gatan, for vel eit år sidan, og er den av bebuarane som er desidert hardast råka. Sand sat heime i tredje etasje og såg på fjernsyn då han vart merksam på spetakkel i etasjen under.

– Eg trudde faktisk det var naboane som festa, det var jo fredag kveld. Men då rutene byrja å knuse og eg merka røy-ken, sprang eg ned for å sjå etter. Der var det ingen heime, men eg skjønte fort at det brann, fortel han, som dernest fekk varsla ein annan nabo og gjekk i gang med å vekke dei andre i blokka.

Gadd ikkje opne

Då brannvesenet kom til staden like før klokka 02.30, var dei aller fleste bebuarane i tryggleik, på nær Stine Moen Bakken (21), som hadde lagt seg til å sove med ipod på øyra for å få fred for det ho trudde var feststemde naboar.

– Det banka og hamra på døra, men eg gadd ikkje opne, for eg trudde det var folk som masa og ville ha meg med ut på byen, seier ho, som til slutt stod opp for å gje «bråkmakarane» ei kraftig overhaling.

– Det var fyst då det gjekk opp for meg at bygningen faktisk stod i brann, seier ho, som no ventar på å få kome heim for å sjå til leilegheita.

– Eg veit ikkje korleis det står til, men det er veldig irriterande med tanke på at eg nett hadde pussa opp. No må eg byrje heilt på nytt, seier ho, men understrekar at ho sjølvsagt er overlukkeleg for at ingen kom til skade denne drama-tiske natta.

Brannsjef i Årdal kommune, Gaute Johnsgaard opplyser at brannårsaka førebels er uviss.

– Politiet si etterforsking vil vonleg gje oss svaret. Inntil vidare jobbar kriseleiinga i kommunen med å syte for at dei evakuerte bebuarane får tilbod om overnatting på hotell og skaffe dei sko, klede og andre naudsynte artiklar, seier han, og legg til at ingen får flytte heim før bygningsekspertar har gjeve klarsignal. – Det skjer tidlegast måndag, seier han.

Det brannråka blokka har åtte husvære i kvar av dei tre etasjane. Fleire av leilegheitene er fullstendig utbrente.

Hanne Stedje
PORTEN.NO
PORTEN.NO