Brannvesenet på Stord fekk melding om husbrannen kring klokka 13.30 i dag. Både brannvesen og ambulanse rykka ut til huset på Haga og fann eigaren i full sving med å sløkkja brannen.

– Det var ein liten brann på kjøkenet. Huseigaren er køyrd til sjukehuset for kontroll på grunn av all røyken, seier Åge Aadland, varabrannsjef på Stord.

Ifølgje varabrannsjefen fekk huset ein del røykskadar.