Klokka 16.57 fekk politiet melding om brann i eit hus i Flåm. Brannvesenet, politi og ambulanse vart sendt til staden.

— Det var ikkje folk i huset. Den meldinga vi har fått er at huset vart veldig skadd i brannen, seier operasjonsleiar Harald Vårdal i Sogn of Fjordane politidistrikt til bt.no.

Vårdal seier det er eit lite, eldre sommarhus som er skadd i brannen. Brannen vart meldt sløkt om lag klokka 18.30.

Huset som brann er totalskadd, melder politiet seint i kveld. Dei melder og at 15 høner døde.

- Kva gjer 15 høner i eit sommarhus?

— Nei du forstår, hønene var ikkje i sjølve huset. Dei var i eit tilbygg til sommarhuset, forklarer operasjonsleiaren.