Like etter klokka to natt til fredag fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om ein husbrann på Raudeberg i Vågsøy.

– Fem personar var heime då det byrja å brenne. Dei blei vekkja av naboar, og kom seg uskada ut, seier operasjonsleiar Gert Biesmans.

Huset var allereie overtent då brannmannskapa kom til staden. Bustaden er totalskadd, og brannvesenet arbeidde fredag morgon med ettersløkking.