Politiet fikk melding om brannen klokka 16.03. Bustadhuset ligg like bak Seljatun aldersheim.

— Tre minutt seinare var huset overtent. Det sto flammar ut vindauga og opp på taket, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei som bur i huset, ei mor og ein sønn, var heime då brannen starta.

— Dei våkna av brannvarslaren og kom seg ut. Dei er uskada, opplyser Stokkereit.

Men huset sto ikkje til å redde, og er no fullstendig nedbrent.

— Brannvesenet driv kontrollert nedbrenning no. Dei passer på at brannen ikkje sprer seg til nabohus eller skog bak huset.

Marius Strømmen