— Vi fekk melding kl. 19.36 om at det var full fyr i huset, opplyser operasjonsleiar Sven Johannessen i Hordaland politidistrikt til bt.no.

Eigaren av einebustaden var åleine heime då brannen braut ut, og ingen kom til skade.

Det meste av andre etasje brann heilt opp, og brannfolka arbeidde i 20.40-tida fortsatt med å få kontroll med flammane.

Brannårsaken var torsdag kveld ikkje klarlagt.

MAGNE FITJAR