Eit hus på Kolgrov i Ytre Solund i Sogn og Fjordane brann heilt ned onsdag kveld.

— Ein person var i huset då det begynte å brenne. Vedkomande kom seg ut, seier operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt.

Politiet blei varsla om brannen klokka 19.30. Først to timar seinare var politi på staden etter å ha tatt seg fram i båt.

— Huset var heilt overtent då dei kom fram, seier Myrtvedt.

Ein nabo som har hytte like ved, fortel at det lokale brannvesenet kom til staden etter rundt 20 minutt. Men dei klarte ikkje å sløkke brannen.

— Det kom fleire brannmannskap i båt seinare, men huset var ikkje til å redde, seier naboen.

Ifølge naboen konsentrerte brannvesenet seg om å hindre at brannen skulle spreie seg. Seint onsdag kveld driv mannskapa fortsatt ettersløkking på staden.

Politiet har ikkje opplysningar om at nokon skal vere skadd.