• Sjå også: Webkamera på alle hurtigrutene Alle tre skipa har gjennomgått ein omfattande desinfiseringsprosess, men likevel vil ikkje viruset sleppe taket mellom hurtigruteturistane.

Varer i eit døgn

— Smittevernlegen seier at vi ikkje kan forvente å få dette bort berre med å reinsa skipet. Dei har hatt akkurat same problemet på fleire sjukehus, og det tek tid å få det vekk, seier Ragnar Norum, kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten.

Tre av Hurtigruten sine skip - "Finnmarken", "Nordlys" og "Midtnatsol" - har slite med at fleire av passasjerane har blitt smitta av eit såkalla norovirus. Det skaper mild omgangssjuke som varer i eit døgn.

No er skipa blitt desinfiserte, men ein del er framleis sjuke.

— No har vi berre nokre få personar som slit med viruset. Dei vert isolerte, og har forståing for kvifor, fortel Norum.

Sjuke arbeidarar

Det har vore spekulert i om viruset smittar mellom menneske ved kontakt, eller om vatnet er smittekjelda.

— Vi er ganske sikre på at det ikkje er vatnet. Testar viser at det er reint, og i tillegg hadde mange fleire vore sjuke om det var vatnet som var problemet. Det er nok slik at viruset går frå person til person, trur Norum.

Då skipa blei desinfiserte, måtte også ein del av dei arbeidande finna seg i å bli smitta.

— Det var ikkje til å unngå at det skjedde, ettersom dei skulle fjerna ei smitte som var til stades. Det hadde nesten vore merkeleg, dersom ingen av dei som reinsa skipa vart sjuke, seier Norum.

Hurtigruten har ikkje merka noko nedgang i bestillinga av billettar på grunn av viruset.