Uhellet skjedde då båten skulle legge til kai på Veiesund på Stavøya. Ifølgje FSF har skipperen opplyst at krafta ikkje slo inn da han skulle bremse opp med å slå akterover. Dermed gleid båten vidare framover, og gjekk i eit svaberg med styrbord skrog i omlag to knops fart.

— Korkje personar eller bilar kom til skade, og det oppstod heller ikkje lek-kasjar i skroget, opplyser sjef for båtdi-visjonen i FSF, Stig Kristoffersen.

"Fjordglytt" hadde 32 passasjerar og eit mannskap på tre da uhellet skjedde, og var på veg frå Svanøy til Florø. Dei fleste passasjerane var elevar som skulle til ungdoms- eller vidaregåande skule i Florø.

Fartøyet stod fast i tre kvarter før det vart dradd av grunn, medan passasjerane vart frakta vidare med ein annan båt.

— Vi veit enno ikkje kor store skader det er på "Fjordglytt", og skal inspisere under vasslina med dykkarar i dag, seier Kristoffersen.

Politiet vart tilkalla og har gjennomført promilletest på mannskapet.

— Vi har ingen grunn til å tru at det er snakk om promille her. Dette er rein rutine, forsikrar Kristoffersen overfor bt.no.

PÅ GRUNN: "Fjordglytt" gikk på grunn i morges.
FOTO: SP SHIPBASE