Båten var på veg frå Gudvangen til Flåm då han køyrde på grunn i det smale Bakkasundet. Grunnstøytinga skjedde rundt klokka eitt.Katamaranen fekk hjelp av ein annan båt som var i fjorden, og vart slept til kai på Tufte. Propellane vart skadde, men det var ikkje lekkasjar i båten. For passasjerane skal grunnstøytinga ha vore udramatisk.Det er Fylkesbaatane som driv den populære turistruta på Nærøyfjorden, og dei arbeidde i ettermiddag for å finne eit fartøy som kan erstatte «Westcruise».