— Det er jo dumt og kasta ting som er brukande, seier Arvid Solheim, leiar for stod Årdal Jeger- og fiskeforening sin ettersøksring. Ringen har ansvar for ettersøk og avliving av skadde dyr og tek seg også av formidling av hjortekjøt.

Mange hjorte-påkøyrslar

Kvart år blir mellom 30 og 40 hjortar påkøyrde i Lærdal, og dei fleste av desse må avlivast. I mange år har Lærdal og Årdal hatt ei ordning med at kjøtet frå dei påkøyrde dyra blir selt vidare til folk med inntekt til Viltfondet.

For få dagar sidan stod Årdal Jeger- og fiskeforening sin ettersøksring med tom mottakarliste. Dette trass i at det for tida skjer fleire påkøyrsler i veka. Då ringen valde å gå ut på nettstaden porten.no med nyheita, fekk dei ikkje problem med å fylla opp lista.

- Enorm respons

— Responsen var enorm då folk oppdaga dette tilbodet, seier Solheim. No er det over 35 namn på lista, og folk må fint vente på sin tur. Alt kjøt som vert tilbydd er kontrollert og stempla av Mattilsynet. Ein heil eller halv hjort blir levert grovpartert på døra så snart kontrollen er blitt gjort. Kiloprisen skal i følge porten.no vere rundt 50 kroner, dette kan ikkje Solheim stadfesta men understreker at kjøtet er billeg og av topp kvalitet.

Les også: Rekordmange hjortepåkjørsler

Tusenvis av hjortevilt vart drepne i trafikken i jaktåret 2006/2007. Ofte kan kjøtet brukast etterpå.
Bergens Tidende